fredag, juli 20, 2012

Vêrmelding 20.juli - 2012.

Klokka er snart 18.00. Ute er det lettskya litt vind og litt sol. og ikkje fullt så kaldt som det har vore. Akkurat no er temperaturen + 17 grader C. Det har regna litt av og til.
Nils har filetert sei i dag og klipt plenane. Eg har ikkje gjort stort anna enn å støvsuge og steike fisk til middag. Etter middag har eg site pal og lese. Det er no aldeles for gale!
Vil ønske alle ei god helg, og no har eg som eit lite håp om at det kan bli litt meir sommarlege temperaturar, sjølv om det er meldt regn! Ja, ja, ikkje verst for oss som har heilårsferie.
Bildet av den finaste plenen på Vallabøen er teke klokka 19.30.

Bok nr. 35 - 2012: Bienes hemmelige liv.


Bienes hemmelige liv

Denne boka har eg lese før, men eg har hatt lyst til å lese den om att. Eg er litt hekta på bøker frå sørstatane i USA.Den er filma, men eg har ikkje sett filmen.
Dette er ei fin bok, men den kunne lett blitt sentimental om ikkje ei jente på 14 år hadde hatt fortellarstemma. Ho fortel si eiga historie; om mora som døde då ho var fire år, og om faren som ikkje er særlig snill med henne. Derfor rømmer ho heimanfrå i lag med den svarte hushjelpa. Dei endar opp med å bu hos tre svarte kvinner som driv med honningproduksjon.
For dei som ikkje har lese boka vil eg anbefale den. Om boka er enkel,kan ein lese mykje mellom linjene.Ein skulle vel ikkje skrive slikt, men eg trur boka vil falle betre i smak hos kvinner enn menn.
Henriette Steenstrup les godt.

torsdag, juli 19, 2012

Vêrmelding 19.juli - 2012

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 14 grader C, det er skya og kald nordavind.
Kva venta vi oss i dag? Jau, i dag skulle det vere sol og finever, og eg hadde planlagt å ligge strak ut på altanen. Ja, ja, ein drøymer om så mangt. Men alt håp var ikkje ute, det var sikkert finare ute ved kysten. "Berre vent til vi er gjennom tunnelen, så er det sol og finevêr", sa eg skråsikkert. Der var det berre enda surare, ikkje regn rett nok, men isande nordavind. Men vi hadde eit ærend, vi hadde med oss jakka som Olaug hadde lagt att her, så vi tok turen til Hareid. Vi fekk kaffi, is og hermetiske "Gunda-pærer" hos Solveig.
Eg hadde eit ærend i Ulsteinvik, som eg fekk utretta, og sidan vi likevel var på Blåhuset kjøpte eg med meg ein orkidé. Eg har mange orkidéar no, lurer på om eg kan kalle meg samlar? Når eg no kjøper slike blomster, prøver eg å finne sortar/fargar eg ikkje har frå før. 150 kr er ein rimelig pris, men på Rema 1000 var dei enda billegare (99,90). Vi fann ut at vi skulle handle matvarer der i dag. Har knapt nok vore der sidan Rema overtok lokala etter Lidl. Der var like ryddig som i Lidl-tida og veldig greitt å handle.
Då vi kom gjennom tunnelen på heimvegen såg vi sola for første gong i dag, ho skein i Vallahornet rett ovanfor huset vårt. Borte bra, men heime best! Men det var kjekt med ein tur i alle fall.

onsdag, juli 18, 2012

Vêrmelding 18.juni - 2012

Og så kom sola og sommaren tilbake. I dag har det vore bygever, dvs.litt sol mellom regnbygene. Eg var så optimistisk at eg la meg ut på solsenga, men så begynte det å regne etter ei lita stund. No trur eg sola er komen for å bli, i alle fall ein dag-eller to? Temperaturen ute er no + 18 grader. Eg går framleis vinterkledd, men føler at det har hjelpt for verken min.
Nils var ut på sjøen frå klokka 5 i dag. Han kom att med det same eg hadde ete frokost, hadde fått sei og makrell. Makrellen blei middag til oss og Peder i dag, steikt denne gongen.
Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, berre gått her og pusla, hengt opp klede m.m.
Nils var på ein liten fjelltur, det har ikkje vore så mange turar etter at eg måtte gi tapt. Viss det blir sol i morgon skal eg sørge for å få med meg kvar ein stråle.
(TV står på med dansebandmusikk, det absolutt verste eg veit, så no skal eg dempe den!)

tirsdag, juli 17, 2012

Vêrmelding 17.juli - 2012


Dette er ikkje noko kjekt lenger. På yr.no står det lettskya og sol, men kva har vi fått i dag? Overskya og regn, og no er det + 14 grader ute! Sjølv har eg kledd meg i vinterklede, og Nils fyrer i omnen, så no verker eg ikkje så mykje lenger.
Det beste som kan seiast om veret i juli så langt er at ein får gjort litt av kvart INNE. I dag har eg også fått unna ein del husarbeid, om eg ikkje akkurat har vaska tak og vegger.Dessutan har eg lese ut enda ei bok - viss det er positivt?
Til middag hadde vi salta brosme og lange og det var godt.
Hadde meg ein ørliten tur rundt huset og registrerte at graset veks godt og blomstrane er litt forseinka, Dei orange liljene som ofte , feilaktig, blir kalla keiserkroner, er nesten avblomstra nedanfor huset, men har nettopp starta ved garasjen, så dei har vi glede av lenge. Blomkarsen blomstrar også no. Eg speider etter kålsommarfuglar, for viss dei kjem, legg dei egg som utviklar seg til åmer på blomkarseblada.
Inne har eg ein fantastisk plante, ein duftranke som eg fekk av nokre veninner for over eit år sidan. Den har vakse seg stor og frodig og er full av knoppar.
I dag kan vi gratulere Elin og Jostein med 30 -års bryllaupsdag!

Bok nr.34 - 2012: Drømmeløs


Drømmeløs - Jørgen Brekke

Dette er den andre boka Jørgen Brekke har skrive om etterforskaren Odd Singsaker.  For ein gong skuld har eg lese bøkene i kronologisk rekkefølge, noko som er ein fordel, i og med at det er framhald i ein del av historia. Nemlig den delen som omfattar privatlivet til etterforskaren. 
Denne boka er på mange måtar enklare og mindre grotesk enn den første, men er bygd opp på samme måten, med ei historie frå notida og ei frå fortida, denne gongen frå 1700-talet - begge frå Trondheim.. Det er tydelig at forfattaren er ein historieforteljar; han boltrar seg i historiske fakta, blanda med fiksjon. Eg likar denne blandinga, og dåmen av eventyr.
I den første boka fekk vi høyre mykje om dissekering av lik i eldre tider, der motivet var å finne ut mest mulig om menneskekroppen. 
I denne boka er gamle skillingsviser tema. Ikkje fullt så motbydelig altså.
Om ein "kjøper" sjølve brotsverket og løysinga er ei anna sak, for meg vart det først og fremst forteljingar, den eine vevd inn i den andre. Ja, den eine forteljinga kunne godt vore emne til ei skillingsvise for den del.
Eg har likt desse to bøkene til Brekke, fordi han skriv godt og underhaldande. Noko meir enn god underhaldning blir det ikkje for meg, men somme tider er det greitt nok. Margrete er i ferd med å lese boka, så ho kjem vel med ei meir proff bokmelding. Der er også mykje stoff på nettet, men slike lettlesne krimbøker er det like greitt å ikkje vite noko meir om på førehand etter mi meining.
Lydboka er på 7 CD-plater.

mandag, juli 16, 2012

Vêrmelding 16.juli - 2012

Klokka er snart 19.00. Ute har det vore overskya i heile dag, men stort sett opplett. Temperaturen er no + 14   grader C.
Vakna stil og støl i kroppen, og fann ut at eg fekk prøve samme "medisin" som forrige mandag. Eg sette i gang med å vaske ned gangen og vindfanget. Det gikk for så vidt bra. Å vaske er ikkje så stort problem, for eg brukar mopp til det meste. Meir arbeid er det å plukke ned frå veggene og få alt på plass etterpå. 
Etter at eg var ferdig, laga Nils middag, dvs. at han steikte fiskekaker og koka poteter. Så vart det ei lang stund på sofaen -rett ut. Når ein ikkje kan sitte, må ein ligge. Så enkelt er det!
No i ettermiddag har eg stroke ein haug med klede, og hengt opp ein klesvask og anna småtteri. Ikkje så veldig spennande program akkurat, men slik må det vere akkurat no. Rasmus og fam. er på tur på Sørlandet, og i kveld er det show i dyreparken i Kristiansand. Der er dei vel stort sett kvart år, men Ingar er liten enno, så for han er det ekstra spennande, han hugsar vel ikkje så mykje frå i fjor. Veit forresten ikkje om dei var der då. Håkon er i England på fotballtur med Hødd. Snart er det Dana-Cup for Eirik og Norway-cup for Olaug, så dei unge er på farten. 

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...