fredag, september 17, 2010

Vermelding 17.september 2010


Klokka er ca 16.45. Det er overskya og +13 grader C. Det har vore regnbyger innimellom og det er litt hustre. Skodda ligg langt ned i fjella, og det er tydelig at hausten er komen.
Bildet har eg tatt frå altanen ned i den blomstrande clematisen, derfor det litt undelige perspektivet.
Nils var i gravferd f.m. Det var kona til ein av turkameratane hans som var død.Ho vart berre 76 år. Før ville eg vel sagt at ho var gammal, men det er rart med det, den "gammal-grensa" har ein lett for å forskyve etter kvart som ein nærmar seg.
Eg valde å vere heime å støvsuge og rydde til helga.
Middagen fann vi i frysaren i dag, og då vi hadde ete, ringde Ellen Marie og vi prata i veg. No skal vi drikke kaffi, og så få vi sjå om det skjer noko meir før Gullrekka.
God helg til alle som er innom bloggen i alle fall.
Posted by Picasa

torsdag, september 16, 2010

Vermelding 16.september 2010

Klokka er 13.15. Temperaturen er + 14 grader C, og akkurat no er det opplett. Sola har så vidt vore framme også. Som de ser har den 3. og siste av solsikkene også fått blomst, men dei er litt pjuskete og våte alle tre.
Nils har brukt føremiddagen, så langt, til å sjå over krabbeteiner etc.Det er vel snart tid for krabbefiske, og Hassan gler seg nok til det.Han likar krabbe, han også.  Hummarfisket startar ikkje før 1.okt.
Eg har starta helgevasken, deler det på to dagar, vask i dag, støvsuging i morgon. Viss eg ikkje får eit anfall av energi seinare i dag.
Til middag skal Nils koke salta kveitehaud etc. Er litt spent på den retten. Eg er vanligvis altetande, men der er visse grenser.
I dag er det fødselsdagen til den einaste av kusinene mine  som eg har kontakt med, så eg vil nytte høvet og gratulere Ellen- Marie med 72-årsdagen i dag.Håper du får ein fin dag i lag med barn og barnebarn!

onsdag, september 15, 2010

Vermelding 15.september 2010

Klokka er alt blitt 17.30, men eg føler at dagen nettopp har begynt. Er litt vrangsøvde her i pensjo -heimen; seint i seng og seint opp att. Ute er det surt, grått og regn, og lite teikn til betring. Temperaturen er + 9 -10 grader C.
Amanda har vor på ballett i dag også, så Margrete og dei to minste kom hit i etter middag. Ungane skal vere her mens Margrete er på teater og ser Liv Ullmann i Lang dags ferd mot natt.
Akkurat no er Amanda godt i gang med leksene ved kjøkkenbordet, ho er pliktoppfyllande og flink.
Erlend er også flink, men når han er her hos oss fristar den stasjonære datamaskina med stor skjerm -så då blir det dataspel med han. Fredelige og greie er dei begge to, så det er inga sak å "passe " dei. Nils har fyrt godt i omnen så vi kosar oss inne.
Var ein liten tur nedover og handla i dag, og eg var innom biblio og fekk meg tak i ei ny bok. Derfor måtte eg lese ferdig den eg heldt på med først. Ja, ja, vi er priviligerte vi pensjonistane som slepp å stresse.TID er ein ressurs!

Bok nr.46 2010:Salme ved reisens slutt.

 
Då vi var små brukte bror min og eg å blade i nokre blad som pappa hadde,Teknikkens vidundere heitte dei, og låg lagra i det "hemmelige" buret i skrivebordet. Særlig såg vi på bilda av store dampskip og talde skorsteinane for å finne ut kva for eitt som var størst.Det mest berømte av dei store skipa var sjølvsagt Titanic, skipet som forliste etter å ha støytt på eit isfjell på den aller første turen. Vi var ikkje gamle første gongen vi høyrde om dette forliset, og etter kvart fekk vi høyre mange fortellingar om det som skjedde om bord.Slik er det alltid når store tragediar skjer,myter oppstår og lever vidare  på sida av dei reelle fakta. Ei slik myte er fortellinga om orkesteret om bord som spela Nærmede deg min Gud i det skipet gikk ned.
Erik Fosnes Hansen har gripe tak i denne hendinga, og soga om Titanic-forliset dannar rammefortellinga i boka.Denne fortellinga inneheld reelle fakta om skipet og det som skjedde på jomfruturen som starta frå Southhampton i 1912. Inne i denne ramma plasserer han eit orkester av fiktive personar og fortel livshistoriene deira. Og det blir berre SÅ bra.Ikkje rart at han brukte lang tid på å skrive boka.For ikkje berre fortel han eine historia etter den andre,men han maktar å gjere historiene veldig ulike, ikkje berre i innhald, men også i form.Og han plasserer personane i ulike land og miljø som han også har sett seg godt inni.Alt i alt blir det ei fantastisk bok, som fekk meg til å tenkje på Åndenes hus, av ein eller annan grunn.Boka vart mykje omtala då ho kom ut og forfattaren fekk stor ære av verket sitt. Når eg ikkje har lese den før, kjem det berre av at den ikkkje har vore på lydbok før no.Forfattaren les sjølv, og han les godt. Boka er skriven på riksmål, noko som til og med eg synest er på sin plass sidan vi er tilbake i 1912.Kan ikkje skrive så mykje meir om denne boka, for meg var den ei oppleving av dei sjeldne, og har du ikkje lese den før, så les den no.Har du lese den, så les den ein gong til. Gjerne som lydbok.
 Posted by Picasa

tirsdag, september 14, 2010

Vermelding 14.september 2010

Klokka er no 17.30 og vi er nettopp komne heim frå tur til Spjelkavika og Moa. Ute er det silande regn og + 10 grader C.Bilde ovafor er frå heimturen på ferja. Sjekk vatnet som renn frå øvre dekk.
Ærendet vårt i dag var å hente vinterdekka våre på bilbutikken, Nils ringde i går og forsikra seg om at dei var komne. Så ville eg sjølvsagt ein tur på Plantasjen, men først var vi innom JULA og såg kva dei hadde. Der har vi ikkje vore før. Vi såg mykje, men kjøpte berre noko småpjask. På plantasjen kjøpte eg ein orkidé +2 St. Paulia og noko smårusk.Mens vi var der kom det ei forferdelig regnbyge. Det var litt av ei oppleving å høyre regndropane på taket der. Det høyrdest som mitraljøser.
Moa var neste stopp, der kjøpte vi oss middag på kafé; det var kylling med ris, salat og saus. Nils syntest det var OK, men eg må seie at kafématen vi får her til lands er som svenskane seier "så der"! Det er svært sjeldan at vi får god mat på kaféar her, og viss det startar opp ein kafé som serverer skikkelig mat, varer det ikkje lenge før dei må legge ned. Det lønner seg nok ikkje å lage god mat, kan eg tenke meg.
Både på veg utover og heim att køyrde vi på måfå, utan å sjekke ferjeruter. Likevel køyrde vi rett ombord utan ventetid. Det er som eg seier, ferjer er heilt greitt, berre dei går ofte nok. Vi treng ikkje legge ut milliardar på bruer og tunnelar -det er mykje billigare å la ferjene gå kontinuerlig! Solveig seier at vi vil ikkje vere utan tunnelar og bruer når vi først har fått dei, og det er vel sant. Men alt er eit spørsmål om prioriteringar, og eg kunne godt tenkt meg at dei fekk vegnettet i betre stand før dei investerte i store,dyre prosjekt.
  

På Vartdal stoppa vo på Skipsen (Spar-butikk) og Nils skulle sjå på fiskereiskaapar til å fiske blekksprut med. Han fann noko som han trur skal vere bra. "Fisken" er ca 20 cm lang og veg 200 gram. Eigentlig er den vel tenkt som kveiteongel. Så får vi sjå om nokon bit på.

mandag, september 13, 2010

Vermelding 12.september 2010

Klokka er 12.15, temperaturen er + 16 grader C og det er overskya.Men veret er for så vidt greitt, så lenge det ikkje går som i går.Akkurat i det eg skulle ut på altanen og sole meg, skya det over ,og så silregna det resten av dagen og kvelden.Kom ikkje ut for ei dør.
I dag ventar eg Margrete og ungane til middag før jentene skal på ballettøving. Skal lage lapskaus til dei i dag, det kjem vel under kategorien "gammaldags mat" ? Har gjort det meste klart, skal berre kutte opp og blande.
I dag gjorde eg eit funn! Då eg skulle leite fram sommarklede tidligare i år, fann eg ingen ting, og rekna med at eg hadde gitt alt til innsamling. Tenkte å kjøpe nytt, men så kom liksom sommaren aldri skikkelig i gang. I dag hadde eg eit ærend inn i det skapet der eg plar henge vinterjakker etc.om sommaren og vice versa. Og kva fann eg? Bukser, blusar og diverse anna fullt brukbare sommarklede, mellom anna ei ganske fin kakigrøn bukse som eg kjøpte i fjor. Det er det eg alltid har sagt, gamle folk skal ikkje flytte på ting ! Og eg har "ommøblert" klesskapa.No håper eg virkelig vi får ein skikkelig Indian summer, så eg får bruke desse kleda. Viss ikkje, gir eg dei til innsamling på alvor.
Nils ringde bilforhandlaren i Sjelkavika i dag og spurde etter vinterdekka våre, og dei var komne. Så no blir det kanskje by-tur på oss ein av dagane.Sjølvsagt kunne dei sende dekka innover, men då hadde ikkje vi hatt ærend ut i bya, så det så. 

søndag, september 12, 2010

Vermelding 12.september 2010

Klokka er15.00. Temperaturen er + 19 grader C og sola kom nettopp fram med full styrke. Spørs kor lenge det varer-det ser litt grumsete ut inni fjella.
Vi har nettopp ete middag, og så skal vi slappe av litt.
Før middag plukka vi masse stygge sukkererter, slike som var angripe av dyr og "sjukdom". Dei som var bra hamna i frysaren, resten tok vi ertera ut or, så har vi så-erter til neste år. Det er mange år sidan vi kjøpte. Fann fram til ein god sort og etter det har vi brukt av eiga avling.Vi brukar å tørke dei, men det skulle vel gå an å fryse dei også ? Er det nokon som har prøvd det? I naturen frys vel dei fleste frø før dei spirar igjen?

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...