tirsdag, september 14, 2010

Vermelding 14.september 2010

Klokka er no 17.30 og vi er nettopp komne heim frå tur til Spjelkavika og Moa. Ute er det silande regn og + 10 grader C.Bilde ovafor er frå heimturen på ferja. Sjekk vatnet som renn frå øvre dekk.
Ærendet vårt i dag var å hente vinterdekka våre på bilbutikken, Nils ringde i går og forsikra seg om at dei var komne. Så ville eg sjølvsagt ein tur på Plantasjen, men først var vi innom JULA og såg kva dei hadde. Der har vi ikkje vore før. Vi såg mykje, men kjøpte berre noko småpjask. På plantasjen kjøpte eg ein orkidé +2 St. Paulia og noko smårusk.Mens vi var der kom det ei forferdelig regnbyge. Det var litt av ei oppleving å høyre regndropane på taket der. Det høyrdest som mitraljøser.
Moa var neste stopp, der kjøpte vi oss middag på kafé; det var kylling med ris, salat og saus. Nils syntest det var OK, men eg må seie at kafématen vi får her til lands er som svenskane seier "så der"! Det er svært sjeldan at vi får god mat på kaféar her, og viss det startar opp ein kafé som serverer skikkelig mat, varer det ikkje lenge før dei må legge ned. Det lønner seg nok ikkje å lage god mat, kan eg tenke meg.
Både på veg utover og heim att køyrde vi på måfå, utan å sjekke ferjeruter. Likevel køyrde vi rett ombord utan ventetid. Det er som eg seier, ferjer er heilt greitt, berre dei går ofte nok. Vi treng ikkje legge ut milliardar på bruer og tunnelar -det er mykje billigare å la ferjene gå kontinuerlig! Solveig seier at vi vil ikkje vere utan tunnelar og bruer når vi først har fått dei, og det er vel sant. Men alt er eit spørsmål om prioriteringar, og eg kunne godt tenkt meg at dei fekk vegnettet i betre stand før dei investerte i store,dyre prosjekt.
  

På Vartdal stoppa vo på Skipsen (Spar-butikk) og Nils skulle sjå på fiskereiskaapar til å fiske blekksprut med. Han fann noko som han trur skal vere bra. "Fisken" er ca 20 cm lang og veg 200 gram. Eigentlig er den vel tenkt som kveiteongel. Så får vi sjå om nokon bit på.

3 kommentarer:

solveig sa...

Neste vegprosjekt: Invester i lyntog frå Ålesund! Eg vil ikkje ha djupare tunnelar enn til Ørsta ..

Besta sa...

Det treng ikkje vere lyntog-TOG greier seg.Dette har eg ønska i mange år.

solveig sa...

Jau, det må raskt for å konkurrere med fly. Og så må det gå ei bane i kvar retning!

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...