I kjellaren på det det gule huset midt i bildet, budde vi første tida på Raudeberg. Dei tre første bilda er tekne frå samme ståstad.
Raudeberg skule. Bygget til høgre var der i mi tid,det til venstre er mykje nyare og har teke plassen til Gamleskulen.I dag var det så kjedelig ver at vi fann ut at det var dagen for biltur. Vi køyrde utover og skulle ta ferja Årvik -Koparnes. Hadde sjekka ruta og funne ut at den gikk kvar halvtime.Det var litt lenger å køyre enn vi trudde og vi kom 2 min for seint. Så venta vi på neste ferje- som aldri kom.Akkurat DEN gikk nemleg ikkje, så det vart langt på dag før vi kom oss over fjorden.Vi køyrde over Maurstadeidet, til Måløy og Raudeberg.
Etter kvart som vi nærma oss Raudebrg begynte den eine personen føre og den andre etter å dukke opp i tankane våre, og vi hugsa brått alt som skjedde for over 40 år sidan.
Frå 1962-1965 budde vi nemleg på Raudeberg og eg jobba på skulen der to av åra. Nils jobba på fiskemottak. Begge dei eldste borna våre vart fødde mens vi var der, og vart døypte i Nord- Vågsøy kyrkje.
I mi tid var der to skulehus, Nyeskulen og Gamleskulen. No var gamleskulen borte og eit nytt bygg hadde kome i staden. Første tida vi budde der, hadde vi ei lita nett kjellerleilegheit, seinare flytte vi inn i 2.etasje hos ei pensjonert lærarinne.Det var veldig kort veg til skulen. For å illustrere det, stilte eg meg opp på same staden og tok bilde av huset, som no er påbygt og oppussa,og skulen.
Vi har vore på Raudeberg fleire gonger sidan vi flytte derifrå, men akkurat i dag gav vi oss tid å sjå oss litt ekstra omkring og minnast korleis det var då vi kom dit unge og nygifte, med heile livet framfor oss.Kan ikkje nekte for at det var litt vemodig.
Vi var også ein tur til Refvik og Vedvik, før vi for tilbake. Då hamna vi først på Kinarestaurant på Eid, og så på Hildegard.Vi hadde så smått tenkt oss innom Bjørnaset også, men fann ut at vi då ville komme midt i leggetida, så det droppa vi denne gongen.

Slik vart ein grå dag ein skikkelig opplevingsdag.Carpe Diem !!!!

.jpg)