søndag, september 06, 2009

Flash-back.

I kjellaren på det det gule huset midt i bildet, budde vi første tida på Raudeberg. Dei tre første bilda er tekne frå samme ståstad.
Raudeberg skule. Bygget til høgre var der i mi tid,det til venstre er mykje nyare og har teke plassen til Gamleskulen.

Her budde vi 1964-65. Kjekt å sjå at eigedomen er så fint helden.Ragnhild,som vi budde hos,var ikkje gift,og det var ein gut ho var tante til som arva huset.

Nord-Vågsøy kyrkje. Her vart Solveig og Rasmus døypte av den islandske soknepresten.


Refviksanden. Det var her, på den delen av stranda som veninna mi eig, at Toralv Maurstad gifta seg siste(?) gongen.

I dag var det så kjedelig ver at vi fann ut at det var dagen for biltur. Vi køyrde utover og skulle ta ferja Årvik -Koparnes. Hadde sjekka ruta og funne ut at den gikk kvar halvtime.Det var litt lenger å køyre enn vi trudde og vi kom 2 min for seint. Så venta vi på neste ferje- som aldri kom.Akkurat DEN gikk nemleg ikkje, så det vart langt på dag før vi kom oss over fjorden.Vi køyrde over Maurstadeidet, til Måløy og Raudeberg.
Etter kvart som vi nærma oss Raudebrg begynte den eine personen føre og den andre etter å dukke opp i tankane våre, og vi hugsa brått alt som skjedde for over 40 år sidan.
Frå 1962-1965 budde vi nemleg på Raudeberg og eg jobba på skulen der to av åra. Nils jobba på fiskemottak. Begge dei eldste borna våre vart fødde mens vi var der, og vart døypte i Nord- Vågsøy kyrkje.
I mi tid var der to skulehus, Nyeskulen og Gamleskulen. No var gamleskulen borte og eit nytt bygg hadde kome i staden. Første tida vi budde der, hadde vi ei lita nett kjellerleilegheit, seinare flytte vi inn i 2.etasje hos ei pensjonert lærarinne.Det var veldig kort veg til skulen. For å illustrere det, stilte eg meg opp på same staden og tok bilde av huset, som no er påbygt og oppussa,og skulen.
Vi har vore på Raudeberg fleire gonger sidan vi flytte derifrå, men akkurat i dag gav vi oss tid å sjå oss litt ekstra omkring og minnast korleis det var då vi kom dit unge og nygifte, med heile livet framfor oss.Kan ikkje nekte for at det var litt vemodig.
Vi var også ein tur til Refvik og Vedvik, før vi for tilbake. Då hamna vi først på Kinarestaurant på Eid, og så på Hildegard.Vi hadde så smått tenkt oss innom Bjørnaset også, men fann ut at vi då ville komme midt i leggetida, så det droppa vi denne gongen.

Slik vart ein grå dag ein skikkelig opplevingsdag.Carpe Diem !!!!


Korleis vinne eit skuleval ?




Ingeborg fortel litt om skulevalet i Volda på Margrete sin blogg. Og ho vil gjerne ha politisk diskusjon på bloggane om eg forstår henne rett.No er meiningane ulike om kva parti som har dei beste løysingane, og ikkje alle parti har fått "prøve seg". Sjølv er eg godt nøgd med den regjeringa vi har, og for min del kan dei berre få sitte. Elles er eg stort sett samd i det som Randi Langeland Mork skreiv i avisa .Partia må sjølvsagt få lov å meine det dei vil, men det går ei grense! Når Frp.går så langt som dei gjer for å "fange opp" dei yngste veljarane, då meiner eg at det er rett og slett USØMELIG. Og når dei unge let seg påvirke av slikt bondefangeri, kan dei ikkje ha fått mykje ballast med seg heimanfrå.Dette er mi objektive meining, som eg plar seie.
Les her.

fredag, september 04, 2009

Bok nr.58: Ned til hundene

Dette er ei veldig kort bok, berre 3CD-ar.Og boka er spesiell.Forteljaren fortel lite,berre det som skjer der og då - og litt til. Resten må ein finne ut av sjølv.For å seie det slik: Her er få linjer, men mykje mellom linjene.Boka har ein utrulig "nerve", og fortener meir konsentrasjon enn det eg har hatt under lesinga.Som de ser har boka fått terningkast 6.
Eg trur eg skal lese boka ein gong til, det fortener den.
De kan også lese om den her.
No har eg leseboka ein gong til, spela cd-ane av på Pc-en mens eg strikka. Det var noko eg ikkje heilt forstod første gongen.Eg forstod det ikkje no heller.

Russekort anno 1958.

Dersom du trudde at russekort var ei ny oppfinning, må du tru om igjen. Alt i 1958 var det ein godt innarbeida skikk, rettnok berre for gymnaselevane. I dag driv eg og ryddar skuffer, det er derfor eg er så nostalgisk.

Eid skulehus.




I denne bygningen gikk eg på skule frå eg var sju til eg var 18 år.
I kjellaren var det sløydsal, kjemirom og skulekjøkken. Ikkje undervisningskjøkken, men laging og servering av middag for utanbygds elevar.I første etasje heldt folkeskulen til. Vi greidde oss med tre rom,for vi gjekk berre annan kvar deg. I mi tid gjekk ein anten to år i 5.klasse eller to år i 6., skulen var dermed ikkje heilt fulldelt, og vi greidde oss med tre lærarar.
I 2.etasje var det gymnas, med engelsklinje og reallinje.Sidan skulen var to-årig var det ikkje behov for meir enn fire klasserom.Dei som gjekk på engelsklinja, gikk andre året i 3.etasje. Der heldt også realskulen med sine to klassar til.
Såleis var skuletida mi ei vandring mellom romma i dette huset, berre to rom har eg ikkje hatt som klasserom.
Denne praktfulle bygningen fekk ei sørgelig endelikt då han brann ned til grunnen 14.april 1978.Men då var det lenge sidan eg hadde vore innom døra. Som mange veit er det bygt ny fin vidaregåande skule i samme området, og no har også operebygget kome til.
Det er bygt ny barneskule for mange år sidan, den heiter Nordfjordeid skule, ikkje Eid skule som i "mi tid".

For 60 år sidan.

Dette bildet er frå skuleåret 1948-49. Då gikk eg i 2.klasse på Eid skule.Læraren vår heitte Astrid Midthjell.Vi var 18 elevar i klassen, og vi gjekk alle i lag dei 7 åra på Folkeskulen, som det heitte den gongen.
Vi må ha vore ei flink klasse for mange av oss tok det som den tida vart kalla "høgane utdanning". Det er ikkje så mange av klassekameratane eg har hatt kontakt med, men ho som var besteveninna mi då vi begynte på skulen, snakka eg med seinast i går. Om nokon av klassekameratane skulle råke til å sjå dette innlegget, ville det vere kjekt å få eit lite livsteikn.

onsdag, september 02, 2009

Bok nr.57: Til din vrede går over.

Dette er Åsa Larsons fjerde bok, og eg har lese alle- i rette rekkefølge.Eg har likt alle, men denne aller best.Det er ikkje ein typisk kriminalroman,men meir ei fortelling om menneske og kva dei kan komme til å gjere og kvifor.
Hendinga er lagt til Kiruna i Nord-Sverige og helst til utkantane av byen, der det stort sett bur eldre folk og såkalla "bygdeoriginalar". Alle er tospråklige, snakkar både svensk og finsk flytande. Naturen spelar ei stor rolle i denne boka, og ikkje alt er like realistisk. Det gjer boka meir spennande etter mi meining.Å skildre ein kriminalroman som rørande kan virke litt undelig, men på denne passar det.Opplesaren gjer ein kjempegod jobb etter mi meining.
Å prøve å formidle kvifor ein likar ei bok, kan vere vanskelig, og det blir i alle tilfelle ei subjektiv vurdering.De kan jo lese om forfattarskapen til ÅL og kanskje starte med første boka om de er interesserte.
Les om forfattaren her.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...