torsdag, februar 07, 2008

Zebra er sølv, Tiger er gull.


Her ser de sebraen til venstre og tigeren til høgre, med eitt av dei nye fata vi kjøpte i går. Stilig eller....?
Krusa er av det eksklusive merket Dunoon, ikkje heilt billige, men så varer dei !
Dessutan smakar ikkje kaffien så godt viss ein ikkje får drikke den av tynn porselen.
Litt snobbete kan ein vel få lov å vere?
Krusa kjøpte vi ein gong vi var på tur til Molde, så dei er på ein måte ein souvenir i tillegg.
Viss de framleis er i tvil: eg er Tigeren.

tirsdag, februar 05, 2008

Pannekakesteiking

I dag testa eg ut det nye pannekakejernet. Det fungerte heilt fint. Med vanlig røre vart dei tynne og lekre.Men eg skal innrømme at pannekaker steikt i mykje godt fleskefeitt på gamlemåten smakar betre. (Eg tok rett nok litt baconfeitt i jernet).Men så vert desse sunnare!!
Det går også an å steike sveler i jernet, då set ein på nokre "avstandsholdere" som held jernet litt ope så svelene får heve seg. Alt i alt er eg veldig fornøgd og gler meg til å få pannekakesvoltne barnebarn på besøk. Det går fort å steike og det kjem eit lydsignal når kaka er ferdig. Eg er elles ekspert i å gløyme......Så løp og kjøp viss der er fleire att på COOP-og viss du er medlem.

mandag, februar 04, 2008

Pannekaker

Far i huset er veldig glad i pannekaker- med steikt flesk og blåbærsylte! Det er for så vidt eg også, men det inngår ikkje som hovudingrediens i dietten min akkurat.
I dag var det tilbod på elektriske pannekakejern på COOP -og far stilte opp med det same butikken opna for å sikre seg eit.Det er no kome i hus!Kva tid det blir brukt, veit eg ikkje, men det må no prøvast! Viss nokon vil ha pannekaker når dei kjem på besøk, må de berre varskue litt på førehand.
Eg brukar å lure litt finmelen grovkveite ned i røra for at det skal bli litt sunnare og meir mettande mat.
De skal få rapport om resukltatet seinare, men viss nokon har ei god oppskrift er det sjølvsagt interessant.
I boka mi om FJORDAMAT er der oppskrift på tynne sveler frå Eid-dei kunne sikkert passe å steike på denne panna, sidan ein kan steike utan feitt også.



Leselyst ?


Her er dei tre lydbøkene eg har inne for tida. Var begynt på Hæsselby-men la den til sides då eg fekk Ligge i grønne enger, sidan det var venteliste på den.No nærmar eg meg slutten, men eg trur ikkje eg kjem til å endre meining ....dette er eit makkverk- berre pjatt, kunne like godt ha skrive det sjølv!Derimot gler eg meg til å lese Rampejenta. Eg kjenner ikkje denne forfattaren frå før, men han skal vere bra. Les ikkje så mykje no sidan eg greier å sitte oppreist lange stunder om gongen og strikke.Held på med eit par tynne Regialester. Det er alltid ein kvan som har fødselsdag!

onsdag, januar 30, 2008

Arangenseren er ferdig !


I kveld strikka eg ferdig genseren. Har berre att å feste trådar etc. og så skal eg vaske den så den blir mjuk og god. Håper at mottakaren likar den og at det blir litt vinter slik at ein kan bruke tjukk genser!
Denne genseren var kjekk å strikke, men eg måtte holde fokus elles gikk det gale, sjølv om eg har strikka mykje meir utfordrande aranmønster enn dette før.
Margrete var til tannlegen med nr.1 i dag; nr.3 og fire var med. Nr 2 var på skulen. Dei var oppom oss ein snartur.
I morgon er det lunsj med naboveninnene-Marit U er heime åleine.

mandag, januar 28, 2008

Melshornet i dag


Sit og eksperimenterer med den nye maskina for å finne ut om alt virkar. Alt er nytt og betre enn på den gamle, men mykje er annleis. No fekk eg i alle fall til å legge inn bilde. Det var det som var testen. Det som står att no er å kople til scanner/ printer.Til det treng eg ei CD-plate. Hadde den i går...................................

lørdag, januar 26, 2008

Ny datamskin i dag

Den gamle maskina gav opp i går, og vi kjende oss heilt fråkopla verda. I dag har vi kjøpt ny, og Harald har vore her og hjelpt oss å installere. Ruth var her også. Litt hjelp måtte eg ha frå Kongsberg etterpå. No funkar det meste, men eg har enda eit par jobbar att: å installere for bilde og scanner for eksempel.
Dessutan har eg mist mykje. Alle e-postadressene er vekk, og mange bilde ligg att på den gamle harddisken. Håper Rasmus kan berge noko av det.
Fint om de sender e-postar slik at eg får adressene dykkar inn på maskina.
Messenger har eg ikkje lagt inn enno.
Maskina heiterPackhard Bell IMEDIA9218.
Vi har også kjøpt ny skjerm, flatskjerm. Den er større og finare enn den vi hadde før.
Tastaturet er mindre enn det vi hadde (det var nesten nytt),så det blir vel ein del feiltasting til å begynne med. Går nok ei tid før eg får sett meg inn i alt.
God helg.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...