torsdag, januar 01, 2026

Dagbok 20 25: 31. desember

 No er klokka 23.45, og dei skyt i eitt ute. Eg har vore oppe hos Marit i kveld, drukke kaffi og ete kaker og snop på denne siste kvelden i året. No skyt dei i vilden sky, rakettar altså. Eg synest der er både nok og for mykje, for dei har halde på heile kvelden, og eg tenkjer på alle hundar og kattar som er redde. Eg sit inne no men snart skal eg ut og ta bilde nå det blir enda fleire rakettar . Det er no på ein måte fint åsjå, men eg har ikkje heilt sansen for skytinga, Det har vore nok skyting i dette året som no ebbar ut.

No var eg bra heldig, telefonen vart utan straum akkurat når eg skulle ta bilde, men det er sikkert mange nok som fotagraferer. No sit eg inne og høyrer at lyden tek av.

Så har 2025 gått over i minneboka, og kva neste år  vil by på veit ingen. Eg synest at det året vi har lagt bak oss har vore eit vondt år-ikkje for meg, men for alle dei som har måtta lide i krig og ulykker. Eg håper at det året vi går inn i no må bli fredelegare og utan store ulykker etc. Ein kan håpe -og det er alt-

Eit godt nytt år ønsker eg allle som er innom bloggen min.

                                                 Godt Nytt år

Dagbok 20 25: 31. desember

 No er klokka 23.45, og dei skyt i eitt ute. Eg har vore oppe hos Marit i kveld, drukke kaffi og ete kaker og snop på denne siste kvelden i ...