Sist natt var det så kaldt at eg ikkje orka å ligge på soverommet, men la meg her på datarommet der eg også har ei seng. Eg sov ikkje så godt og eg var låk i handa då eg vakna, så det var lite og ingenting eg fekk gjort, anna enn å fyre godt i omnen attåt at varmepumpa står på heile døgnet. Eg likar ikkje kulde, det er det verste eg veit-sjølv om det ser fint ut ute når ein er inne i varmen. Sambuarane mine har eg sett lite til i dag, dei er vel ikkje så mange heller. Marit ville eg skulle komme opp til henne, men der er ikkje varmt nok for meg. Eg må ha temperaturar over 20 grader+ elles frys eg i hel. Eg hadde låkt i høgre handa heile føremiddagen, men då eg begynte å jobbe med noko, kom det seg litt. Eg har stort sett vore åleine i dag, men eg har no TV og datamaskin å sjå på.
Eg vurderer å begynne å ta ort julepynten i morgon, men det er nno kjekt å ha den litt til. Når ein begynner å pynte først i desember så blir det no lenge nok med julepynt. Eg hugsar før , då pynta vi juletreet julaftan før middag-og ein gong hadde vi juletreet heilt til februar. Og i min barndom var det juletrefestar langt ut i januar.
Eg reknar med å begynne på treninga kommande veke, kanskje alt tysdag, då får eg snakke med fysioterapeuten om kva eg skal gjere med handa mi; den er veldig ubrukeleg slik den er no, men det er ikkje så vondt berre eg har den litt i bruk.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar