Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 6 grader. det er litt regn, men ikkje så mykje at eg merka det no når eg var ute og gjekk. Det vart litt seint før eg kom meg av garde i dag, bala med å få fyr i omnen. Men no brenn det.
I dag var det spansk igjen, eg synest det går treigt med å lære, og lurte på om eg skulle slutte, men etter at eg oppdaga at dei fleste andre ikkje var så mykje flinkare enn eg, bestemte eg meg for å halde fram. Vi hadde ikkje spansk sist haust, så det var lenge sidan sist vi hadde lært noko særleg. Eg vil oppmode alle som vil lære seg spansk, å begynne før dei er i pensjonistalderen.
Etter skuletimen var eg nedom ALTI for å kjøpe kalktablettar, eg tek no 2 for dag, og det er legen min som har sagt at eg skal gjere det;100 tablettar kostar no ca 250kroner. Det er ingen ting som er billeg lenger.
Då eg var heime laga eg meg god middag, med pølser, poteter og grønsaker. Det er ikkje kvar dag eg et middag, men eg hadde spekesild i går, og då vart der poteter til overs.
Elles har eg ikkje gjort nokon ting i dag, og i morgon blir eg vekke det meste av dagen ; først på trening 10-11, og så er det møte i pensjonistlaget frå klokka 16. Eg har ikkje vore på møta siste halvåret eller meir, det er fordi dei måtte ha møta på Rjåneset, men i morgon skal i vere på Kulturhuset her i Vik. Eg veit kven som er den nye leiaren og eg kjenner vel dei fleste i styret.
Det har vore litt rolegare i verda nokre dagar, synest TRUMP har spakna litt-men ein veit aldri......
Februar er snart slutt og då begynner vi på vårmånaden MARS, då er det fleire i storfamilien vår som har fødselsdag. Eg for eksempel skal fylle 85 år, men eg kjenner mange som er eldre og "still going strong". Eg kjem ikkje til å feire så mykje. Vi plar stille klokka om til sommartid -den nærmaste helga etter bursdagen min..Så vi går mot lysare tider .
Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar