Utsikt mot vest - 25.februar 2025 kl.17.45
Klokka er no 17.46, temperaturen ute er + 8 grader C, det er overskya men opplett. Det er vel slik det har vore det meste av dagen, opplett men ikkje sol.
I dag var vi på trening, Marit og eg, og handla på heimvegen, som vanleg.
Eg laga meg skikkeleg middag i dag, spekesild med kålstuing, poteter etc.
Eg vaska opp litt og rydda etterpå, sette meg inn for å sjå nyheiter, men sovna visst ei lita stund. Men først hadde eg kveikt litt i omnen. Det skal ikkje så mykje til attåt varmepumpa.
No har eg gått og grunda i fleire dagar på om eg skal slutte på spansken. Der er komne mange nye som kan meir enn eg, så eg føler meg litt i bakleksa og har ikkje lyst til å jobbe allverda med spansk som eg ikkje har bruk for. Eg får høyre litt med Eli. Det er spansk i morgon; og torsdag er det møte i pensjonistlaget. Eg veit kven som er den nye leiaren og eg kjenner henne godt.
I dag har eg ikkje gått på Vernet, kneet er bra, men eg treng ikkje å overbelaste det. Eg har no vore på trening ein times tid.
Eg får øve litt meir på spansken og så blir det TV og spøt.
. Dette er feil bilde, det er ei som eg har brukt før, men no får eg ikkje til å fjerne det.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar