torsdag, februar 27, 2025

Dagbok 2925: 27.februar





Dette var ikkje noko godt bilde, men eg sat der eg sat, utan å reise meg opp, så då vart det berre slik

Klokka er no 18.52 temperaturen ute er + 3 grader og det regnar. Og så er det mørkt ute, mørkare enn eg likte då eg køyrde heim frå pensjonistmøtet, men passasjer. Dei gongane før når eg  har køyrt i mørkret har det vore snø, så då var det heilt greit. Men det gikk greitt i dag også.

På føremiddagen i dag var vi på trening, Marit og eg, men i dag handla vi ikkje.

Møtet begynte klokka 16, så eg hadde ei god stund heime, der eg åt litt og strikka litt etc.

Det var årsmøte i pensjonistlaget, så det var valt nytt styre. Eli slutta som leiar no etter mange år, trur ho begynte året etter meg, og Toril Langlo tok over. Henne kjenner eg godt og ho bur oppe i Storebakken, så er der fleire i styret og alle går på "spansken".trur eg.

I dag fekk vi karbonadar til mat og kaffi. Der var to eldre menn som song og spela mykje og dei var flinke. 

Der var ganske mykje folk og mange eg ikkje kjenner, men eg sat i lag med Malfrid som eg kjenner godt, ho sat på med meg heim. Marit vart ikkje med i dag, men ho var med på treninga. Eg kan ikkje skrive så mykje om dette møtet, det kjem kanskje litt i avisa?

Det er kjekt å komme ut blant folk og det syntest dei andre ved bordet også, så no har eg blitt kjend med fleire. Alle var samde om at vi kjende for lite folk no.

Då eg skulle gå ut kom der ei og stoppa meg og sa meg på namn, det var så lenge sidan ho hadde sett meg, sa ho. Eg aner ikkje kven det var-

I morgon  er det fredag og då har eg ikkje andre plikter enn det er bestemmer sjølv- så då blir det vel litt vasking.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 29.april 2025

Trappa med 43 trinn gir litt ektra trim  Klokka er no15.20; temperaturen ute er +8 grader og det regnar. Og det likar eg dårleg for vi har b...