søndag, oktober 01, 2023

Dagbok 2023: 1.oktober

Einar-rosa blomstrar i år også. Eg har kjøpt to potteroser i år som eg kanskje plantar ut så dei blir fleire.

Klokka er no15.45, temperaturen ute er +14  grader C og det er strålande ver. Mange av dei eg har snakka med i dag, meiner at det var slik veret skulle ha vore i går. Eg er ikkje samd i det. Regnet var det som gjorde gårsdagen så eventyrleg, så mykje folk ute for å sjå ugla, og musikkorps som spelte så det skvatt,-det likte eg, sjølv om eg vart våt til skinnet.

I dag er det altså strålande sol og eg har vore ute mykje av føremiddagen. Klokka var vel over 12 før eg kom meg ut, sat og strikka på ein lest mens eg såg TV. Marit og eg gjekk i lag opp vegen langs Vernet til vi kom å toppen, då tok Marit på heimveg på asfalten , mens eg gjekk ein runde på Vernet. Vi møtte mange vi kjende og som vi prata med i dag, søndag føremiddag er det mange som er ute og går.

                       Her ser de vegen langs Vernet, det er ikkje bilveg, 

                        men fin å gå med rullator t.d.

Då eg kom heim og sette på PC-en låg der spansklekse på vent. Bøying av spanske verb på to store sider, så no må eg skjerpe meg igjen. Har ikkje lese særleg mykje spansk i sommar. I fjor sommar las eg i spanskboka kvar dag. Det blir altså spansk-kurs onsdag, då er det datakurs også, men det får eg sløyfe. Eldredagen skal det vere fest på Kulturhuset klokka 3, og denne gongen er det gratis for alle gamle. Det er på torsdag. Då er det trening først på dagen.

Det er trening tysdag også, men då kjem eg til å ta fri sidan eg skal i gravferd. Ho som vi feira 90-årsdag med i sommar, er no gått ut av tida. Det er vemodig. Det er den tredje av dei eg har jobba i lag med som har gått bort i seinare tid.

I dag har eg laga meg skikkeleg middag og ete godt, og helst litt for mykje. Eg blir litt irritert somme tider, fordi eg er så glad i mat, men det er kanskje eit godt teikn  når ein er så gammal.

No skal eg strikke ferdig lesten, og då har eg tre par lestar som er nokså like. og så blir det garnmangel igjen. Trur eg får begynne på eit større prosjekt no når det går mot vinter.

Sist vår planta eg prestekragar i kjøkkenkassene, tenkte å ha noko anna også, men prestekragane voks seg så store at det ikkje var naudsynt med meir. Då sommaren var over, ville eg tømme kassene, men så tok prestekragane seg på tak og heldt fram med å blomstre-og blomstrar gjer dei enno.



Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...