lørdag, oktober 14, 2023

Dagbok 2023: 14.oktober



Klokka er no16.50, temperaturen ute er +6 grader C og det regnar. Det har det gjort i heile dag, og eg har venta på at det skulle halde opp, såpass eg fekk gått ein tur på Vernet, men det har ikkje blitt noko av. "Mye regn" står det i vermeldinga på PC-en min, no lid det så langt på dag at eg har gitt opp å gå tur- Eg var  ein liten tur -med bil, ned på KIWI på føremiddagen. Eg var lens for brød og gad ikkje å bake: ja, det vart no kjøpt litt anna også. Eg fall for freistinga å kjøpe ein blomst til å ha på bordet. Orkideen måtte få stå i vinduet så den får nok sol, tenkte eg.

Elles har eg fyrt i omnen, like mykje som å få det varmt vil eg brenne opp noko av veden som eg har i tilbygget, for eg treng plassen der til andre ting også- Men no varmar eg godt opp men greinene som eg sat og klipte på i sommar. Det er ingen dryg ved, men eg har det varmt og godt til tross for at eg ikkje har fått varmepumpa enno. Eg synest dei kunne komme med den no.

Eg er komen godt i gang med boka til Øystein, men eg hadde litt problem med å konsentrere meg i dag, for eg hadde ete noko som eg kalla middag og vart veldig trøtt etterpå.

For å få gjort i alle fall litt av spanskleksa, begynte eg å jobbe med den. Det er ikkje heilt enkelt å lære eit nytt språk i min alder. Hadde eg vore 50 år yngre hadde det gått lett.

I går kveld strikka eg ferdig den første lesten til Solveig  -der garnet har fargar frå eit maleri av Van Gogh. Det er veldig tynt garn, så det går ikkje fort. Eg har begynt å like tynt garn til lestar etter at eg kjøpte meg nye bambus-pinnar. Og eg har tid til å strikke tynt. Skal legge opp den andre lesten no så kan eg strikke mens eg ser TV- Ser fram til Stjernekamp.
 


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...