søndag, oktober 15, 2023

Dagbok 2023: 15.oktober

                                         Ildtopp kjøpt på KIWI

Klokka er no 17.33, temperaturen ute er+4 grader . I dag har det regna , men på PC-en min står det: SNØ I MORGEN. Eg grøsser, men eg ser at snøen er komen langt nedetter fjellsidene alt no.

Eg stod ikkje opp før klokka 9 i dag, og etter frokosten sette eg i gang å fyre opp i omnen; det var ikkje så kaldt i stova for varmeomnen står på om natta. Men eg bala ei stund før eg fekk det til å brenne. Då sette eg meg til med strikketøy og TV.

Eg gjorde no litt av kvart før eg gjekk opp til Marit i 13.30 tida. Der fekk eg smake belgiske vaflar +kaffi. Vi prata ei god stund før eg gjekk ned att og gjorde meg klar til ein tur på Vernet, Der var faktisk andre folk også, dei fleste med hund . I dag også møtte eg ein mann som let til å kjenne meg, men eg har ikkje funne ut kven det var; som eg har sagt før; eg har problem med å kjenne att folk- Men vi snakka berre om veret så eg vart ikkje avslørt denne gongen heller.

Naboane kom att frå Kanariøyane i går, og fekk eit lite sjokk då dei såg veret.

Eg hugsar at det regna mykje i oktober i fjor også, men vi fekk fint ver i november, men då nådde ikkje sola ned til oss.

No skal eg strikke ferdig lest nummer to til Solveig. Eg har heldigsis mange lestepar på lager, og det har Solveig også. Eg plar seie at lestane eg stikkar kjem til å vare lenger enn eg sjølv.

Så er ferieveka over og komande veke blir det både trening, spansk og ev. kurs i digitale hjelpemiddel- det er berre irriterande at det kurset er lagt til same tid som spansken. Håper dei kjem med varmepumpa denne veka, for no saknar eg å ha den.

 



                 Regn på Vernet i dag, Eg er glad så lenge det ikkje er snø-

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra fri...