onsdag, juni 17, 2026

Dagbok 2026:17.juni

Klokka er no 19.49. Temperaturen ute er +11 grader C, det er overskya men opplett. Det har ikkje hendt så mykje i dag, eg har stort sett vore her åleine- var ein liten tur opp til Marit, men så skya det over så det vart ikkje kjekt å sitte ute. Eg jobba litt i hagen min i dag også, eg prøvde å rydde opp nede ved "kassa", der var det mange vakre valmuer som stammar frå bestemor sin hage på Eid, men dei vart no neste kvelte av ugras, Viss de ser godt på bildet ser de små raude prikkar lengst nede i hagen-det er valmuer. Eg er veldig handikappa når eg ikkje har verken klippar eller kantklippar, men det blir vel ei råd.

Elles har eg ikkje gjort anna enn å ete og sjå TV. Det er no fantastisk kva dei har gjort med kronprinsessa, håper berre det går bra. Så såg eg litt fotball,  det er eg ikkje så interessert i, men må no følgje litt med. 

Eg kunne no ha gått tur på Vernet, men eg er ikkje heilt sikker på venstrefoten min -den har eg hatt nok bry med før, og det vil eg ikke ha om att. Ergo blir eg sittande å sjå TV- i kveld i alle fall. No blir det snart skuleferie, så då reknar eg med å få meir besøk. Og så blir det no nokre fødselsdagar før det blir heilt slutt for denne gong.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:17.juni

Klokka er no 19.49. Temperaturen ute er +11 grader C, det er overskya men opplett. Det har ikkje hendt så mykje i dag, eg har stort sett vor...