Klokka er no 17.25, temperaturen ute er + 10 grader og det har regna meir og mindre i heile dag. Det er alt bekmørkt ute så eg måtte ta eit bilde inne i staden, her er det no både lunt og lyst.
Dette har vore ein dag der eg ikkje har utretta mykje , i alle fall ikkje så mykje som eg hadde tenkt. Det begynte med at eg vakna mykje seinare enn vanleg, klokka var over 9 då eg slo augene opp. Og så gjekk det slag i slag, med sein frokost, og alt seinare enn vanleg. Eg hadde renkt å vere litt aktiv i dag, få rydda aldri så lite til, men slik vart det ikkje. Eg fekk no fyrt litt i omnen om ikkje anna. Får i alle fall ikkje gjort noko ute i dette veret.
Men så ringde Einar og ville komme på besøk sidan han skulle eit ærend til Ørsta. Då fekk eg litt fart på meg, og laga i stand eit lute lunsj-måltid til oss. Først åt vi på kjøkkenet, men kaffien tok vi i stova. Det er alltid kjekt når Einar kjem, så får vi prate litt om familien og elles om kva som må gjerast her med meg.
Då Einar hadde reist, sette eg meg til med spanskleksa til i morgon, eg trur no at eg kan det eg skal, men som regel kjem eg litt til kort når eg skal prestere på kurset. Eg heng no med på ein måte, men det er vanskeleg å lære så mykje nytt i min alder. I går var eg relativt bra i foten min, men i dag har den vore litt verre igjen. Eg fekk endeleg med meg siste resten av bokserien, så no må eg få meg ei ny bok å ha på øyret når eg skal sove. Eg bladde litt og fann ei som heiter "Helvetesilden"- det kunne kanskje passe akkurat no?
Det er bra at eg har noko å gå til i morgon, så eg ikkje blir sittande her heime åleine i dagesvis.
Eg får sitere Alf Prøysen. "November er så trist og grå,
men nyttig likevel,
for nå må barna finne på
å lage moro selv."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar