mandag, november 07, 2022

Dagbok 2022: 7.november

 


Klokka er no 17.07, temperaturen ute er+ 3 grader C, det er vått på gata, men trur ikkje det har regna i dag. Eg var verken betre eller verre i foten då eg stod opp i dag, men tok som vanleg to Paracet etter frokost.Så lenge som tablettane virkar har eg det bra. I dag fekk eg gjort ganske mykje i forhold til ingenting. Det går mest i rydding, i garasje, kjellar  og i huset elles. Innimellom jobba eg med spanskleksa. Det tek litt tid det også. Og så vaska eg ei maskin med klede som no ligg og tørkar i trommelen. I dag torde eg å sette på trommelen heilt åleine, og eg trur det går bra. Men denne nye trommelen brukar 3-4 timar på å tørke, gamletrommelen brukte berre 60-80 minutt-

Middag i dag fann eg i frysaren, eg fraus ned 3 små kasserollar med ball, og i dag to eg opp nr 2. Der er meir enn nok til i morgon også. Etter at eg hadde ete sette eg med inn i godstolen og slappa av med lydboka som eg ikkje var heilt ferdig med. Lydbøker er verdens beste sovemedisin, så eg trur eg var borte vekk ei lita stund. Eg fyrer med ved i stova, men no er eg snart lens. Veden frå i fjor er veldig tørr og udryg. Eg prøvde å sage eit par kubbar av barlinda som eg saga ned for litt sidan, og jammen brann dei.(I lag med tørrare ved + pappøskjer)

Eg fekk melding frå fysioterapeuten i dag , ho er komen på jobb igjen, men eg møter ikkje opp i morgon i alle fall. Eg sende melding om det.

Elles har eg skrive ein e-post til VØR, som dei sikkert ikkje har lese enno. Eg har litt att av siste lydboka, sovna visst frå den ,eg skal vere varsom med å gi meg ut på lange bokseriar i framtida. 

No skal eg koke kaffi og sjå om eg får gjort enda litt i dag. Eg har vore sløv siste veka , men det er ikkje utan grunn.

I går kveld var det fint måneskin og i dag tidleg var alle taka kvite av rim.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. kvit jul er det i alle fall...