Klokka er no ca19.30 ,
temperaturen ute er +11 graderC, det er overskya og det regnar inimellom, ein nokså grå dag. Eg var rimeleg tidleg oppe i dag, som vanleg, og i dag visste eg at Margrete skulle komme ein tur. Eg sat og strikka ei stund, men så tok eg ein tur på butikken for eg mangla litt av kvart, men det var ingen problem -for eg hadde bil! Eg kom heim att og begynte å strikke igjen-men så kom Margrete. Vi hadde mykje å snakke om for det var ei stund sidan sist.- Eg kokte kaffi og Margrete hadde sjokolade- slik sjokolade som eg er svak for.
Etter ei stund gjekk turen til Volda der vi skulle gå på kafe.Men først fekk eg kjøpt meg noko som eg mangla-ein heklekrok, ikkje fordi eg skal hekle,men fordi eg skal plukke opp masker som fell av pinnen når eg strikkar- Så blei det Kina-mat i dag, stor porsjon, så eg er rimeleg godt mett. Men eg kan ikkje la vere å tenkje på at det hadde vore godt med litt kaffi og sjokolade no-eller kanskje seinare i kveld! Takk til Margrete for ein kjekk dag.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar