tirsdag, juli 06, 2021

Dagbok 2021: 6.juli

Klokka er no 18.25, temperaturen ute er + 24 grader C og eg silsveittar, ikkje fordi det er så varmt, men fordi eg har gått tur på Vernet med for mykje klede på meg. Vêret har vore litt ustadig i dag, fint, men med små regnbyger. Eg rota vekk heile føremiddagen, nesten, før eg kom meg i arbeid.Eg har bala så mykje med bilda eg tok i Solund, men no trur eg at det får vere greitt.Marit ville ha meg med på kino klokka 12, men eg ville vere ute. Eg reinska grundig i bringebæråkeren for andre gong denne sommaren, skvallerkålen er ikkje god å få bukt med. Reinska litt her og der også. Det er tørt i jorda til tross for regnbygene vi har hatt, så eg skulle vel brukt slangen i dag. I dag skulle eg lage skikkeleg middag, så eg sette i gang med å koke poteter og steike ørret. Grønsaker fann eg i frusaren. Det vart eit herremåltid, og eg vart stappmett, så eg måtte kvile litt. Sette meg i godstolen og såg "Serie" -og sovna aldri så lite. Då eg vart skikkeleg vaken ville eg gå ein tur på Vernet. Eg beheldt hagebuksa og den skitne T-skjorta på, men tok ei sid jakke utanpå.Det vart i overkant varmt, men det var tilløp til regn..... På Vernet trefte eg folk eg kjende og folk eg ikkje kjende, men prata med dei fleste. Ei dame var ikkje sikker, så ho spurde om eg var Olaug-og det var eg no. Men det gjekk ei lang stund etter praten før eg kom i hug kven ho var. Men ve var naboar på Engeset i si tid. På grunn av at eg har hatt bange barn som elevar er det mange foreldre som kjenner meg, og eg kjenner dei. Verre med barna som er blitt vaksne, dei er ikkje gode å kjenne att alltid. Eg føler at no har eg ferie, sidan eg ikkje har plikter, ikkje trening t.d. Eg har hatt kontakt med Mimi på Messenger i dag, og så skreiv eg ei melding til VØR og spurde om eg kunne levere den gamle klipparen der. Det kunne eg få --til og med heilt gratis. Eg likar å styre i hagen når det er så fint og varmt og eg planlegger kva eg skal gjere vidare. Plommetrea må i alle fall klippast, no er greinene så tunge av plommer at eg er redd dei kan brotne.Eg er ikkje så flink å pynte, slik som andre damer gjer, men eg prøver å ha orden på det som er.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...