fredag, mai 28, 2021

Dagbok 2021 - 27.mai

Klokka er 18.05, temperaturen er ca 20 grader C, det er sol og klår himmel. Tidleg på ettermiddagen var det litt kald vind, det var vel "utrønå" som dei kallar det her. I dag tidleg rydda og shina eg kjøkkenet før eg gjorde meg klar for ein tur til Vik. Marit skulle handle på Kiwi i dag, men sidan eg måtte ned og kjøpe bensin, handla eg på Spar, så slapp eg å parkere meir enn ein gong. Eg hadde med meg to bensinkanner i dag, så då har eg så eg greier meg ei stund. Eg har enno att på tanken av det eg hadde før. Då eg kom heim og hadde rydda på plass varene mine, sat eg ute og prata med Marit ei stund før det vart tid for middag. I dag vart det berre brødmat, men det kan hende eg finn noko fristande til kvelds.Eg visste ikkje kva eg ville gjere meir i dag, så eg begynte å vatne litt ute. Men så blei freistinga for stor og eg sette i gang klipparen. Eg klipte rundt huset og så tok eg Skråninga. Det er tredje gongen eg klipper i år. PLenane opp mot vegen har eg klipt berre ein gong, men eg orka ikkje meir i dag. Då eg skulle til å spyle klipparen kom naboen ut og skulle begynne å klippe. Han hjelpte meg med å skøyte på hageslangen min, så no når eg å vatne over heile tomta om det skulle trengast. Det er fantastiske dagar vi har, så det gjeld å vere mest muleg ute og nyte finevêret. Men når klokka går mot 19.00 er eg klar for nyheiter, eg har ikkje på TV-en på dagtid når vêret er fint. Vekene er korte for tida og no er det alt fredag og helg i sikte. Håper alle har det bra og kan nyte desse fine dagane. God helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...