lørdag, mai 29, 2021
Dagbok 2021: 29.mai
Klokka er no 17.25, teperaturen ute i skyggen er + 22 grader C, det har vore varmt og fint i heile dag, den kalde vinden som kom i går ettermiddag, kom ikkje i dag. I dag hadde eg planlagt kva eg skulle gjere, og slik vart det.Etter morgonstell og frokost, vaska eg bad og kjøkken. Og så vart det tid for plenklipp på "bøtene" opp mot vegen. Særleg den einbota er veldig ujamn, den skulle sikkert ha vore opppløgt og sått i på nytt, men det er ingen jobb for meg. Eg klipte og raka litt og gjorde så godt eg kunne. Einar skulle komme i 13-tida, og eg var ferdig i god tid før. Einar kom og begynte å male straks han hadde bytt om. Og eg begynte så smått på middagen. Eg hadde kjøpt inn til Taco -og det kunne vi ha om vi var to.Det var lenge sidan Einar hadde hatt slik mat, eg har no hatt det rett som det er i det siste. Eg er så glad i alle dei rå grønsakene- så både Einar og eg var fornøgde med maten. Det passa veldig bra med slik mat på ein fin og varm dag.Etterpå vart det kaffi og is, som vanleg.Etter at eg vart åleine igjen gjekk eg ut og vatna med den lange hageslanget som kan nå heile hagen. Det blir ikkje å traske rundt med vatnekanna slik som i fjor.Det begynnerå blomstre litt både her og der. No blir det snart å rydde vekk leivningar av løkblomstrane. Eg jobbar i hagen kvar dag, men kjem aldri heilt i mål, både graset og ugraset veks fort. Det som blomstrar no er den kvite buska og syrinen som endeleg er friskmeld.
I dag fyller Amanda 21 år- ho er komen heim for sommaren og tatt heimeeksamen. Før var det typisk at det var ballettframsyning på dagen hennar, og så feira vi med pizza på restaurant etterpå. Slik er det ikkje i år. Vi får sjå om vi kan få til ein stor fellesbursdag etter kvart.I juni er det minst fem i storfamilien som fyller år.
GRATULERER MED DAGEN, AMANDA !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar