torsdag, mai 27, 2021
Dagbok 2021: 27.mai
Klokka er 18.40, temperaturen ute er + 15 grader, det er sol og fint men litt kald vind.
I dag fekk eg støvsuga teppegolva før eg for på trening. Etter treninga køyrde vi rett heim. Det vart å lage seg litt "middagsmat" og så vart det kvilestund i godstolen med serie på TV-en. Etterpå var eg ute og tok opp løvetannplantar igjen-det tek aldri slutt. Det var ikkje så varmt ute i dag, så eg måtte ha på meg jakke.Litt seinare kom Marit ned til meg og vi hadde mykje å prate om i dag også-det er ei stund sidan ho var på besøk hos meg. I morgon må vi vel ha ein handlerunde. Eg har bestenmt meg for å vente med plenslått til over helga, men eg må i alle fall kjøpe bensin. Elles er det nokså tomt i kjøleskap og frysar, så eg må vel ha litt påfyll.
Neste veke har eg tenkt meg på VØR med hageavfall og diverse anna. Eg må planlegge litt. Viss det skal fortsette med same fineveret så må eg vel til å vatne i hagen, vinden gjer at det tørkar fort opp. Det skjer ikkje så mykje alle dagar, så eg har ikkje så mykje å fortelje kvar dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar