onsdag, november 18, 2020

Dagbok 2020: 18.november

Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 1 grad C, og snøen lavar ned. Det begynte fint og pent i 15 -tida ogno er det full vinter. I dag var det spanskkurs, det nest siste i år. Eg var på plass i god tid før klokka 11, hadde ikkje gjort stort anna enn å dusje og vaske håret før eg for.Kurset var slutt klokka 13 og eg køyrde rett heim. I går vaska og rydda eg matskapet og i dag tok eg resten av skuffer og skap på kjøkkenet, med unntak av dei fire skuffene som eg vaskar titt og ofte. Klokka 15 vart dei ein pause, såpass eg fekk meg litt mat, og så tok eg resten. Eg blir litt overraska over kor fort eg blir trøtt, det er alderen som gjer seg gjeldande, forstår eg.I og med at eg stort sett har halde meg på kjøkkenet har eg ikkje så mykje å fortelle om. Eg må på ein eller annan måte få kvitte meg med diverse som ikkje er brukbart, og som er det.Eg har altfor mykje av alt no når eg er åleine. Eg er glad for at eg no er såpass i armar og hender at eg greier å gjere litt meir. No skal eg ta ei lita opprydding på kjøkkenet før eg set meg til med neste spansklekse.Det er slikt arbeid eg likar, det også. Det er bekmørkt ute, men om ein mådads tid snur sola-mens vi ventar på det, kan vi moke snø.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 21.02,temperaturen ute er +5 grader C og det regnar. Ikkje direkte julestemning, men greit nok for meg, eg slepp i alle fall å...