tirsdag, november 17, 2020

Dagbok 2020: 17.november

Klokka er no 16.20, det er +8 grader ute, det regnar og det er mørkt. Det vart ein brå slutt på finevêret, men vi får vere glade for dei dagane vi fekk.Dagen i dag har vore lite effektiv for meg, vi er nesten ferdige med dagen utan at eg har gjort så mykje. I dag vakna eg og hadde vondt overalt,armar og bein og til og med hovudet verkte, men panna var kald - så eg utelukka corona. Det var nok "berre" gikt! Det får eg ofte når det kjem regnvêr.Eg stussa litt på om eg skulle fare på trening, men eg blei fort bra.Så trening vart det. I dag gjekk tida fort for vi begynte å snakke om den gamle tida, då vi vaks opp, og alt det "gale" vi var med på-vi som no er 80+. Vi er samme gjengen i lag kvar gong så vi blir etter kvar godt kjende.I dag skulle verken Marit eller eg handle, så vi for rett heim. Vi avtalte før vi gjekk kvar til seg at vi skulle drikke kaffi og lese avisa dvs. Møre-Nytt. Og slik vart det. Det eg ikkje hadde rekna med var at der var så mykje å lese i avisa i dag at det tok si tid.Klokka var nesten middag då eg var ferdig å lese, eg rakk berre litt spansk før eg varma opp siste resten av rømmegrauten.Så no er eg ferdig med den-takk og pris for det! Det er slik når ein er åleine, at viss ein lagar noko, må ein ete det sjølv-ikkje alltid like populært.Og så vart det å gå inn til datamaskina og gjere ferdig ei spanskoppgåve, det balla på seg med ekstraarbeid sidan det ikkje vart kurs førre veka.Eg har no vore borte i både engelsk,tysk og fransk før, men spansk er meir framandt enn dei språka, og derfor vanskelegare å lære. Det er trim for hjernen-og det treng eg, det er ikkje nok berre med sudoku lenger. Det ser ikkje ut til at eg får gjort stort anna i dag enn å øve på spansken, eg er den eldste på kurset og sikkert den som må øve mest. Då eg kom heim frå treninga i dag, henta eg inn nokre vedkjeppar og kveikte opp i omnen for å få det lunt og godt, men siste timen har eg sete på kontoret framfor datamaskina utan å ha på varme, så no kan det bli godt å komme inn att i stova.(Eg er heilt bra no, har ikkje vondt nokon stad).

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...