onsdag, mars 11, 2020

Dagbok 2020: 11.mars





Klokka er 18.40, temperaturen ute er +4  grader og det regnar. Tidlegare i dag var det opplett og ganske bra ei stund.
I dag var eg på spanskkurs frå 11-13 og det var kjekt som vanleg. Etterpå var eg ein tur på ALTI og kjøpte nokre småting før eg køyrde heim.
Då var det opplett og fint så eg tok meg ein runde på Fonnvernet, tok samme vegen som vi tok på laurdag. Eg likar å gå rundt, betre enn å gå fram og tilbake. Det er det visst mange som gjer, kanskje derfor fonnvernet er blitt så populært. Då eg kom heim var eg både trøtt og svolten, så det var å finne seg litt mat, kveike opp i omnen og sette seg i godstolen og sovne.
Eg hadde bedt Marit å komme ned så ho drakk kaffi med meg i dag. Vi skulle avtale for morgondagen, då skal vi på trening kl.12.30, men ho skal til legen først. 
Det var godt å komme på spanskkurset i dag og snakke med folk. Vi er ein samansveisa gjeng no. Eg sat så lenge og så på TV i går kveld at eg vart heilt oppskræmd av alt corona-pratet, i dag hadde vi ein prat om det på Bakk-Ola. Det kan vere godt å få lufte tankane sine når ein er såpass mykje åleine. Spansk-kurset skal vare ut april viss vi ikkje blir stoppa. Eli og Terje hadde vore og vaksinert seg mot lungebetennelse, det skal dei gjere dei som har t.d. astma, diabetes eller diverse andre sjukdommar.  Eg får nok ikkje den vaksinen, men eg er i alle fall vaksinert mot influensa. Det er mykje styr, nesten alt mulig blir kansellert, reiser , idrettsarrangement, underhaldning av ymse slag m.m. Eg føler at det er unntakstilstand her også, til tross for at ikkje ein einaste person i Ørsta er smitta. No skal eg stad å høyre siste nytt.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...