tirsdag, mars 10, 2020

Dagbok - 2020: 10.mars

Klokka er 17.20, temperaturen er + 8 grader og det er opplett. 
I går var eg så fornøgd fordi eg hadde fått "gjort" ein jobb i stova. Eg la meg relativt tidleg og sov til klokka 3. Då vakna eg av at eg verkte i heile kroppen, men mest i armane. Eg sovna igjen og sov til "vekkerklokka" ringde klokka 8. 
Smertene var ikkje borte, men eg tenkte eg fekk køyre Marit på treninga om eg ikkje greidde å trene sjølv. Men det gjekk ikkje lang tid før eg var om lag slik eg plar vere. Så det vart trening i dag likevel. I dag stod der framme Antibac og papirserviettar som vi skulle bruke på oss sjølve og på apparata, trur ikkje det var så effektivt. Men corona-smitten er ikkje funnen i Ørsta. 
Ikkje berre på grunn av smittefrykt, men av andre årsaker, hadde eg alt bestemt meg for å ikkje gå på Eldrefesten i kveld, eg hadde rett og slett ikkje lyst. Og etter treninga vart eg litt uvel også, var litt småkvalm og urven. Ikkje teikn på Corona, men altså ikkje heilt god. Så i dag har det ikkje blitt gjort det skapte grann; eg har for det meste sete og lese i ei bok som eg fann, ei eg hadde oversett i mangfaldet. 
Var ein tur rundt huset og såg på det som spirer og gror. Såg att rabarbraen , som ei tid var dekka av snø. Den har spirt sidan januar. Løkplantar kjem opp både her og der.
Kom meg etter at eg åt litt, men det blir vel ikkje gjort noko i dag uansett. Skal lese litt meir på spanskleksa, for i morgon er det kurs.
Fekk melding frå Eirik, han har det berre bra oppe i Trondheim.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 14.mai

Desse tulipanane har eg planta sjøl og dei har stått i beddet ved garasjen i mange år. Dei har ein nydeleg raud farge, ikkje knallraude som ...