torsdag, mars 12, 2020

Dagbok 2020: 12.mars


Klokka er 17.50, temperaturen ute er +1 grad og det snøar. Då eg stod opp i dag var alle marker kvite, og det låg snø på vegen. Etter kvart forsvann snøen og gjekk over i regn, men no snør det igjen. Eg er lei av denne vinteren, den har vart lenge sjølv om det ikkje har vore særleg kaldt.
Men no er det andre ting enn vêret som bekymrer oss, det er litt vanskeleg å forstå, men vi har hamna i ein hittil ukjend situasjon, der vi må ha minst mulig kontakt med kvarandre-i alle fall fysisk kontakt.
I dag skulle Marit til lege kl.11, ho skulle gi meg beskjed når ho var ferdig, så skulle eg hente henne på legesenteret før vi skulle på trening. Eg stelte litt i huset, jobba litt med spansken etc. før ho ringde, mykje tidlegare enn forventa. Ho hadde kome inn til legen presis, noko som er veldig sjeldan. Det var litt tidleg å fare på trening, men vi gjekk no inn og begynte med øvingane våre. Fysioterapeuten forkynte at treninga vart lagt på is så lenge, det var mange som melde forfall, så ho måtte berre stenge. Det er mykje eldre folk som går der, og mange har diverse sjukdommar, slik at dei ikkje bør få corona.
Etter treninga køyrde vi bort på Spar for å "hamstre". Parkeringsplassen var full og butikken like så. Folk hamstrar, det såg eg også ved Kiwi då eg for nedover. Særleg er det mjølet som får bein å gå på- og så gjær, sjølvsagt. Eg kjøpte også litt mjøl og gjær, men har bra med mjøl frå før. Eg har ikkje bakt så mykje etter jul, armane mine likar ikkje knainga. Anti-bac og hanskar låg framme, men det såg eg ikkje før etterpå. Elles kjøpte eg ikkje så mykje, for eg har bra lager frå før.
At eg kjøpte den fiskeretten på bildet får eg ta på mi eiga kappe, for eg har kjøpt sorten før.I dag var den minus 40%. Der er rett nok ganske mykje fisk i den, men smaken blir overdøva av sausen, som er ganske god. Men eg ville gjerne hatt kokt fisk med poteter, gulrot og Kvitseidsmør, slik Nils og eg brukte å ha. Slik mat saknar eg. Klokka nærma seg 16.00 då eg var ferdig med middagen. Då kveikte eg i omnen og sette meg i godstolen og sovna ei lita stund.
Eg har no tenkt å isolere med meir og mindre i desse corona-tider. Det blir sagt at dei gamle er dei som toler smitten minst, men eg er i alle fall frisk i utgangspunktet. Eg har vaksinert meg med vanleg influensavaksine, dei som har sjukdomar i tillegg til alderen får /har fått lungebetennelse-vaksine også. 
Det aller meste er no sett på vent, konsertar, kino, diverse fritidsaktivitetar etc. Det er hittil berre ein i Ørsta som har fått konstatert Coronavirus, men ein veit aldri kva som skjer. Hadde ein vore skikkeligstrenge til å begynne med, kunne mykje ha vore unngått.
Eg tenkjer på at eg har lese om slike tilstander - og no er vi midt oppe i det. Men for ein pensjonist er det ikkje verst, vi kan isolere oss utan å ta omsyn til andre. Så får ein håpe det held.Eg kjem til å køyre og gå turar, men ikkje oppsøke forsamlingar.
Neste fredag skal eg til legen for å fornye sertifikatet.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...