tirsdag, januar 07, 2020

Dagbok 2020: 7.januar

Klokka er no 16.40, temperaturen ute er + 7 grader C, det er overskya, litt regn -og vind. Det er meldt sterkare vind etter kvart, så får vi sjå kva det blir til. Ofte når det er meldt vind kjem det eit par kraftige rosse, men ikkje meir. Somme år, gjerne ved juletider, har det vore veldige uvêr-så kven veit.
I dag hadde eg sett mobilen på vekking klokka 8, men eg vakna lenge før det fordi eg verkte i armane. Eg var litt aktiv i går både med husarbeid og anna, og det straffar seg. Eg var lite lysta på trening, men då eg hadde vore oppe og i bevegelse ei stund, var det ikkje noko som hindra meg.
Vi køyrde nedover kl.9.45 som vanleg og trena ein klokketime. Etterpå var vi ein tur på ALTI før vi handla mat på SPAR. Vi sat i bilen og prata ei stund då vi kom heim.
Eg måtte ha meg litt mat før eg kveikte opp i omnen og sette meg i godstolen med lydbok. No er eg på føter att og må sjå til å få gjort litt, sette på ein klesvask etc.
Både denne veka og neste kjem eg til å fare på trening både tysdag og torsdag. Neste veke blir det mykje, for då skal eg på lensmannskontoret på fredag, dermed blir det berre måndag og laurdag som blir "fridagar". Men det er ikkje alt som tek så lang tid; det er berre at eg har avtaler å ta omsyn til.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...