mandag, januar 06, 2020

Dagbok 2020: 6.januar. Heilage tre kongars dag. Trettandedagen.


Klokka er no 17.15. Temperaturen er + 10 grader C og litt det er litt vind av og til. 
I dag var det såpass lyst og vårleg at eg kom ut or hiet. For at eg ikkje skulle sove bort dagen hadde eg for sikkerheits skuld sett mobilen på vekking kl.9.30 , men eg vakna no lenge før den tid. Eg låg vaken då først den eine telefonen og så den andre begynte å ringe. Eg var snar å slå av Doroen, men då ringde den andre. Eg såg på klokka 8.28. Det stemte no ikkje. Så skjøna eg at det var ei telefonoppringing. Seinare var eg inn på dataen og søkte opp nummeret, men det var der ikkje. Viss nokon absolutt skal ringe til folk dei ikkje kjenner, kan dei i alle fall vente til dei er oppe.
I dag hadde eg program for dagen; eg skulle rydde ut jula og så skulle eg støvsuge. Det gjekk litt treigt med begge deler, men eg kom no i mål-til slutt. Eg har lata meg heile jula så oppstarten var litt tung. Støvsuge er ikkje det eg likar best no når armane sviktar meg. 
Så ville eg ein tur ned på ALTI og kjøpe noko lite, og så ville eg sjå etter blomster. På vegen nedover vart eg litt modigare, eg ville køyre bort på Plantasjen, og det gjorde eg. Når julepynten blir borte, blir det så fargelaust at det må nye fargar til. Der var godt utval på Plantasjen i dag og prisane var ikkje avskrekkande. Eg kom så vidt under 400 kr, men då hadde eg kjøpt i alt 7 plantar. 
Å kjøpe primula i januar er ein gammal vane. Sidan eg likevel var i Furene handla eg litt på Coop Extra. På heimvegen stakk eg så vidt innom ALTI før eg køyrde heim. Etter at eg hadde fått varene på plass, åt eg litt og så seig eg ned i godstolen framfor TV der eg såg opp til fleire interessante program. Verkte litt i eine skuldra men det gjekk over.
I morgon er det full fart på trening kl.10-11. Onsdag i neste veke startar vi opp att med Spansk og etterpå er det styremøte i pensjonistlaget.
I dag er det trettande juledag, den var til minne om dei tre vise menn og har blitt feira på mange vis rundt om i Europa. Her til lands var det somme stader slutten på jula, då julegjestane reiste heim til seg sjølv. Andre stader slutta jula med 20.-dagen. I vår tid er visst jula slutt før nyttår, men så startar vi desto tidlegare opp.

Ingen kommentarer:

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...