torsdag, desember 27, 2018

Dagbok 2018: 27.desember.

Bildet av Margrete og barna er frå familieselskapet i går.

Klokka er no ca. 17.15, temperaturen er + 5 grader C og det høljregner. Eg var nettopp ut og sette bossdunken opp mot gata, og måtte ha regnjakke på meg. Frå og med nyttår skal vi sortere bosset enda meir, då får vi ein ny dunk til matavfall. Greitt nok å sortere, men for meg er alle dunkane altfor store. Eg har ikkje mykje boss, og dunkane skal ha ein plass å stå! Det er no ikkje akkurat noko som pyntar opp.
I går kveld skulle eg prøve ut dei nye sovetablettane mine. Dei skulle takast minst to timar før leggetid, så eg tok den kl.23.15. Akkurat kva tid eg sovna, veit eg ikkje, men eg meiner klokka måtte vere nærmare 5. Men då sov eg til ca. 9.30, så det gjekk vel sånn passeleg opp i opp.
Eg begynte å strikke på ein sokk i går kveld for å prøve dei nye strikkepinnane eg fekk av Solveig. Dei var veldig bra. Strikka vidare i dag, men så kom Marit ned så vi fekk oss ei pratestund - og det var no kjekt. I alle fall for meg. Rett etter at ho hadde fare opp att, ringde Gunnar og takka for blomster til Åse si gravferd. Vi prata ei god stund
Så var det strikketid igjen, med TV-en på sjakk-utan lyd - og radioen på P1 Møre og Romsdal; eg visste at Einar skulle lese opp nyheiter i dag, og eg har høyrt han fleire gonger. 
Ja, og så har eg ete middag, det vart sjølvsagt restar frå i går- og enno har eg ein porsjon att+ mykje anna mat. Hadde eg ikkje vore så dårleg til beins kunne eg ha hatt stort gjestebod- om det kom til mat. No blir det å sitte og strikke-men det er vondt det også. Då det var det andre foten som plaga meg, hadde eg ikkje vondt når eg sat eller låg-det har eg no.
Eg synest det er nesten uvirkelig at det er fredag i morgon igjen-tida flyg av garde uansett. Hadde planer om å kjøpe meg både det eine og det andre når det vart sal-no blir eg berre sittande.
Og no får eg ikkje fyre i omnen på ei stund heller, for i dag løsna resten av asbestpakningane. Eg må få tak i einkvan som kan dette å sette inn nye pakningar- eg prøvde sjølv litt i fjor, men då var det berre litt som var borte, no er det heile vegen rundt døra. Godt at det er mildt, då greier eg meg med varmepumpa.
Første sokken med nye pinnar.



1 kommentar:

solveig sa...

Sokkane vart fine! Det er vanskeleg å sjå føre seg resultatet når ein berre ser garnnøstet.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...