onsdag, desember 26, 2018

Dagbok 2018: 26.desember-2.juledag.




Klokka er 19.30, temperaturen ute er +4-5  grader, og det har sikkert regna i heile dag, men ikkje veit eg, for eg har vore inne.
I dag greidde vi det kunststykket å samle barn og barnebarn til ei felles 2.juledagsfeiring.Det er tre år sidan sist. Eg går no her og haltar, men hadde i alle fall fått laga ein gryterett og skrella poteter. Solveig og Øystein kom først, og Solveig fekk rollen som kjøkkensjef, mens Øystein fekk vervet som kaffikokar. Begge jentene hadde laga kaker og Solveig hadde laga karamellpudding, så vi får vel kalle det eit spleiselag. Eg sat stort sett med foten høgt, mens dei andre fylte opp og tok ut or oppvaskmaskina etc. No har eg rydda resten og sett på maskina igjen. Ja, ein må berre velsigne oppvaskmaskinene slike dagar.
Bilda som vi tok med mitt kamera vart helst dårlege, men med litt retusjering, kan vi i alle fall kjenne att karane. Den fjerde jenta er Birte, kjæresten til Håkon.
Siste post på programmet i dag, var utdeling av strikkalester, det er også ein tradisjon-så no er lageret tomt.
Audun skal reise opp att til Nord- Norge i morgon, og Einar skal på jobb. Då får eg kanskje høyre han på radioen.
Rasmus og fam. fekk sjølvsagt ikkje vere med denne gongen, men dei har heldigvis familie på Kongsberg, så dei er ikkje "åleine" .No skal eg kose meg med TV og diverse restar, og så trur eg at eg har rikeleg mat ei stund framover om nokon skulle stikke innom. Invitere nokon til "selskap"-det kan eg ikkje så lenge eg ikkje greier å gå så mykje.-


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...