Klokka er berre 16.30, men for meg har det vore ein lang dag allereie. Ute er det+ 6 grader og mest opplett, så vêret er eg nøgd med.
Men eg har mine utfordringar som ikkje er så lette å takle. Det er no det kneet/ foten som ikkje blir betre-men er til å halde ut når eg sit i ro. Så er det dei nye sovetablettane som ikkje verkar i det heile tatt-eller verkar mot si hensikt. Sist natt sov eg ikkje eitt minutt, var lys vaken og høyrde lydbok. Klokka 8 orka eg ikkje å ligge lenger, så då stod eg opp. Prøvde å legge meg nedpå litt seinare, men fekk ikkje sove då heller. Å vake ei natt går heilt fint, men når det blir to eller meir, då røyner det på.
I dag sovna eg ikkje framfor TV ein gong-det blar eg no gjere ofte.
Syte og klage det kan eg, men å få ein slik fot til jul blei litt i overkant.
Ja, ja, alt er ein overgang sa grisen då dei skolda han.
I dag var det siste bosshenting etter gamlemetoden. Det står i avisa at no har alle fått dunkar til matavfall- men det har no ikkje eg fått i alle fall. Såg ei av naboane hadde fått ein med brunt lok. Då skal eg, som bur åleine, ha 4 store dunkar til boss+ 2 små kasser til elektro-avfall.Det blir å fylle opp anten tunet eller garasjen. Førebels får eg ikkje gjort noko med det.
Det einaste eg har fått gjort i dag er å vaske bad og kjøkken. Så får eg sjå om eg kan støvsuge i morgon. Det er ikkje det at eg ikkje greier å gjere husarbeid, men når foten får vere i ro, verker det mykje mindre. I heile natt då eg ikkje sov, verkte ikkje foten. Så noko positivt er det .
Elles er eg veldig opptatt av sjakk, ikkje så mykje sjølve spelet, men eg vil at Magnus Carlsen skal vinne. Heile tida. Men er der ingen jenter/damer med og spelar. Eg synest det er berre menn som sit ved borda.
PS: klokka har no passert 20.00 og eg har sete i ro i godstolen veldig lenge. Eg har strikka, sett TV, lese lydbok og så sovna eg litt. Dermed klarna eg i hovudet såpass at eg har fått med meg at det er fredag i dag. Eg ønsker alle ei god helg ! No er det jo veldig mange raude dagar på denne tida. for meg betyr det ikkje så mykje, men for folk i arbeidsdyktig alder,, er det godt å få nokre ekstra fridagar.
Og så vil eg berre seie at eg ikkje hadde verk i foten mens eg sat -det er første dagen eg kan seie det.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar