søndag, juli 29, 2018

Dagbok 2018: 29.juli. Olsok

Denne blomsten fekk eg av Anne Elise, den er veldig fin der den står på trappa vår.

Denne blomsten fekk eg av ein nabo då Nils døde. Etter at den hadde blomstra frå seg ikkje, sette eg den ut, og no har den blomstra for andre gong. Har slike blomster frå før, som har kome att gong på gong.

Eg har tre sortar Klematis. I fjor vart den eine (mørk lilleblå) sjuk, så eg klipte alle tre heilt ned til rota, no har dei vakse opp att  og to av dei blomstrar-så langt.


Eg greidde ikkje å halde fingrane av fatet i dag heller, eg gjekk ut og plukka rips, på samme tid som eg stussa buska. No har eg jobba med den buska i to dagar, så i morgon skal eg berre kverne opp greinene og finklippe så buska ser litt meir symmetrisk ut. Ripsen skal Solveig få til saft. Før brukte eg å klippe bærbuskane kvart år, men eg trur ikkje det vart i fjor.

Klokka er no 18.00, temperaturen er ca. + 27 grader C, så det har ikkje vore så varmt som i går. Heldigvis hadde det regna godt i natt, så det vart friskt og fint i dag. + 27 grader er heilt OK for meg, men i går då termometeret bikka + 36 var det for varmt for dei fleste. Eg sat borte på altanen til Solveig og Gudmund til klokka var ca. 1.00. Det er sjeldan ein kan sitte ute om kveldane om sommaren her på desse kantar utan å fryse.
I dag før middag var det litt skya, så då fekk eg vaska golva. Elles har eg lege på solsenga og lese lydbok, men har så vanskeleg for å konsentrere med at eg les om att og om att det same. No har eg lese tre bøker på papir, og det er enklare. Fann fram ei papirbok som eg begynte på, men kom ikkje så langt. Eg er for rastlaus til å lese heile dagen, derfor måtte eg ut i hagen og jobbe litt. Ser lite til naboane i dag, dei er vel ute på turar, dei fleste, men eg klarer meg godt her heime åleine.
No skal eg snart lege meg middag; i dag blir det wienerpølser i Taco-lefse. Det er ein rett som eg har funne på sjølv.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...