Klokka er no 19.30. det er lettskya og + 31 grader C. I dag er alle varmerekordar i Ørsta slått. Den offisielle varmerekorden for Ørsta var tidlegare + 32 grader C, no er den nye rekorden, målt på Velle 33,1 grader. Men det er på Velle. Både eg og mange andre har i dag målt temperaturar opp i + 36 grader i dag. Og det er heitt.
På føremiddagen sat Marit og eg ei stund i skuggen ovafor huset vårt og prata.
Då det leid på dag og det vart varmare, var eg inne på tanken å leige Taxi ut på Rjåneset, men fann ut at det vart for ekstravagant, så eg begynte å plukke rips i staden. Sat på ein stol attmed den einaste ripsbuska mi. Plukka først litt dessertrips og så ein balje med safterips til Solveig. Eg har alltid brukt å klippe ganske mange greiner av buska når eg plukkar. Vi brukte å legge greinene på hagebordet å plukke bæra der. No har eg ikkje hagebord! Eg har ikkje plukka halvparten av bæra enno, men heldt no på i to-tre timar. Etterpå mol eg greinene på kompostkverna og rydda opp med grasklipparen. Då var klokka 16.30 og eg måtte ha mat- og drikke. No har eg lege og halvsove på dagsenga på datarommet ei heil stund. Har høyrt på ei lydbok, men trur eg må ha ein repetisjon. Har dessverre fått vondt i hofta igjen, den var bra før eg jobba, så eg håper eg kjem meg til att. Det som er irriterande er at det er vondt å sitte. Kneet er bra berre eg er i ro.
På føremiddagen var vi ganske mødde av varmen, men Nils sa alltid at det var verst før ein fekk "løyse sveitten"- og det er noko i det. Ser at mange hageplantar er tørste og lengtar etter vatn, så ei skikkeleg toreflo hadde gjort seg.
Det er så lite skilnad på helg og yrke når ein ikkje er i jobb, så også denne veka gløymde eg å ønske alle GOD HELG. Håper det ikkje er for seint.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar