fredag, juli 27, 2018

Dagbok 2018: 27.juli

Klokka er no 19.45 og gradestokken har pitla seg ned att på 30-talet, tidlegare var temperaturen på trappa vår +34 grader, og der er det skygge heile dagen.
Det er ikkje ofte eg er plaga av varme, men i dag måtte eg gå inn ei stund, og ei stund sat eg ute i lag med Marit-i skyggen. Eg rigga meg til med solseng på altanen, fann fram den gamle vifta vår, som vi kalla "Utrøna" (vinden som kjem på ettermiddagen). Vi kjøpte den ein gong for mange år sidan då Nils og eg likte å ligge å sole oss på altanen. Seinare vart den brukt til å halde flugene borte når det hang fisk i garasjen. No stod den nedestøva i tilbygget, så eg måtte vaske den før bruk. Men eg greidde ikkje å ligge der likevel, då det var på det varmaste. Blikk stilt og +34 grader trur eg ikkje eg har opplevd før her på Vallabøen. I gamle dagar brukte vi å køyre ut på Rjåneset og badet når det var så heitt, men jammen er det lenge sidan det har vore så varmt som i dag. Eg kom på no når det leid mot kveld at eg kunne prøvd å gå inn i "Kulpen" og kjølt meg av, men der er vel ikkje vatn?
Eg vatna litt i hage før middag og luka litt, resten av dagen har eg ikkje gjort noko. Anna enn å lese ut ei bok.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...