søndag, juli 01, 2018

Dagbok 2018: 1.juli. Bok nr.20-2018: Verden som var min 80-tallet.

Klokka er ca.20.00, temperaturen ute er + 23 grader C og det har vore enda finare enn i går. Varmare har det i alle fall vore. Merkeleg nok sov eg godt sist natt og langt ut på morgonen.
Eg må alltid finne på noko ute når vêret er fint, så i dag skulle eg prøve ein ny "skjor-jagar" patent. Eg strekte sen frå alle hjørnet av jordbæråkeren på kryss og tvers, så får vi sjå om eg no får ha bæra i fred. Så klipte eg vekk alle utskudda og plukka bæra. Dessutan måtte eg vatne litt her og der, for det er skikkeleg tørt denne sommaren. Det betyr ikkje all verda for oss plendyrkarar, men bøndene kan få det vanskeleg. Heller ikkje i kveld er det ei sky på himmelen.
Margrete og eg er sterke motstandarar av søndagshandel, men av og til må ei gi slepp på prinsippa sine. Margrete hadde vore utan bil i to dagar, så ho var litt rastlaus. Eirik var heimkomen med bilen, så ho var fri til å flakke. Saka galdt om vi skulle fare til Tilseth på blomsterhandel. At del var sal brydde vi oss mindre med, men Margrete trong både plantar og mold. Sjølv var eg mest interessert i å få noko nytt på grava. Den blå blomsten som stod der var avblomstra, men ikkje død, så den tok eg med heim for å plante den her. Eg hadde kjøpt tre sortar blomster, men vi enda opp med å sette dei rosa nellikane på grava , så tok eg dei andre med heim. Før vi reiste på handel hadde vi ei stund med kaffi og prat.
Etter vi hadde vore på grava reiste Margrete heim, og eg laga meg middag. Ho hadde med seg to sortar med spekepølse frå Solund, ei krydra med chili, ei med oregano. Begge var gode, og begge smakte sau. Elles hadde eg att laks frå i går og kalde poteter, så det blei litt av eit måltid.
Etter middagen la eg meg ut på solsenga og las ut Ketil Bjørnstad si bok om 80-åra. Bøkene blir meir interessante når ein får lese mykje om gongen. Anders Ribu les godt. Han har eit roleg tempo, og så uttalar han alle ord rett uansett språk, i alle fall så langt eg kan bedømme det. Eg har lese om 60-og 70-åra før, men når eg kom til 80-åra var det mykje meir stoff som eg hugsar. Han skriv ikkje berre om seg sjølv men mykje om det som hende i verda når det gjeld politikk og kultur m.m. Eg likar å lese det, mykje fordi eg har eit liknande politisk syn-godt ut på venstresida. Litt rart å tenke på at om ein høgremann hadde skrive om samme perioden hadde det vorte ei heilt anna bok.
No er eg litt i beit for lydbøker, så eg må kanskje innom biblio ein dag.
Eg skal også til Ulsteinvik på likningskontoret ein dag. Margrete og eg har ein laus plan om å fare utover på tysdag.


2 kommentarer:

solveig sa...

Då må kome hit også!

Besta sa...

Det gjer vi sikkert om det blir noko av turen.

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...