Klokka er 13.40, utetemperaturen er + 2 grader C, det er lettskya og opphaldsvêr.
Eg har lagt inn to vêrbilde, dei siste i år, neste år må eg prøve å ta bilde andre stader enn på altanen og trappa. Det får vere eit nyttårsforsett.
No har eg dusja, vaska håret og delvis kledd meg om. Skal gå ut til Nils så snart eg er klar. Eg har hatt problem med å sove om nettene i det siste, så i dag tok eg meg ein liten blund i godstolen etter at eg hadde fyrt godt i omnen.
Vi skal "feire" nyttårsaftan på Heimen, der får vi maten servert, og så har vi stor god TV-skjerm; eg har ein god stol å sitte i, (med fjernkontroll) og Nils ligg i senga si. Mange nyttår har vi vore i lag, dette blir spesielt, men vi kosar oss så godt vi kan. Eg har "pynta" meg med delvis nye klede, så det står ikkje på.
Dette siste året har vel vore det brattaste for oss ,så langt. Men vi har hatt mykje hjelp og støtte av familien, slekta, naboane og andre venner. Eg vil nytte høvet til å takke alle som har hjelpt og støtta oss. Og så vil eg ønske alle ei god nyttårsfeiring og eit
GODT NYTT ÅR