onsdag, mai 03, 2017

Dagbok 2017: 3.mai


Klokka er 20.30. Dei to temperaturmålarane viser ulikt, den eine står på +18 grader, den andre på+ 13, trur nok sola har vore bort på den eine. Men i alle fall har det vore ein nydeleg og mild dag. Varmepumpa har fått kvile og vi har hatt opp dører og glas. Det har tross alt vore ein lang "vinter" med mykje innevêr.
Ikkje det at eg har vore så mykje ute i dag heller. Det krever litt å vere pasientvenn og personleg assistent også. Eg er ikkje vant med å gjere så mykje i huset når eg er her åleine, men når vi er to må eg lage mat for eksempel. I dag hadde vi Carlo spekesild med mandelpoteter og kålstuing til. Det er noko av det beste eg veit, men så et eg for mykje og blir gåande å drikke resten av dagen.
Eg fekk endeleg rydda jordbæråkeren i dag. Eg toler lite å bøye ryggen min, så midt i arbeidet la eg meg rett ned på marka - og vart bra!
Margrete var innom ein snartur, det samme var Torbjørn og Marit. Elles har HBO (Heimebasert omsorg)-dvs. heimesjukepleien, vore innom tre gonger for å måle blodsukkeret til Nils, i dag morgon slapp han sprøyte, likeins i kveld, men midt på dagen måtte han få ein injeksjon. Han er framleis pasient ved Ørstaheimen-men på permisjon heime. Heimesjukepleiarane er snare, berre så vidt innom.
Eg hadde tenkt å legge meg ut på solsenga i dag også, men det var nesten kveld før eg kom meg ut. Likevel fekk eg meg ei fin stund med lydboka -og sjølvsagt sovna eg. Måtte gå inn att litt før klokka 20, for då vart sola borte bak rekkverket.
Nils har hatt ein ganske bra dag, synest det er så bra at han får vere heime no vêret er så fint.
I morgon skal eg på styremøte i pensjonistlaget kl.12.00-på biblioteket.

Om sommaren har dei mest sol på andre sida av fjorden.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...