onsdag, februar 01, 2017

Dagbok 2017: 1.februar


Klokka er 19.00, temperaturen er + 4 grader C og i dag har det regna aldri så lite. Men det er berre vegar og ikkje glatt.
I dag kom Marit nedom med eit blad til Nils, og sidan ho skulle på Kiwi og handle slo eg meg i lag med henne. Eg fekk handla slikt som er tungt å bere, så eg kom heim med både melk og frukt av ymse slag.
Klokka 14.30 kom kreftsjukepleiaren innom ein tur, det er heldigvis den samme støtt, ei vaksen dame som er grei å prate med.
Vi åt spekemat og potetsalat etter at ho var reist. Resten av kaka pluss kaffi til dessert. Nils et litt meir enn meg, så det er ikkje krise.
Det som var meir krise var at Nils var lens for tablettar mot kvalme, det vart litt rot med medisinen sidan han fekk medisin både på sjukehuset og Ørstaheimen mens han var der. Han trudde ikkje der var meir på resepten, så han ringde på legesenteret og bestilte ny resept. Etterpå begynte han å lure på om der kanskje var meir att på resepten likevel og ringde apoteket. Der var meir å hente, ja.
Sidan eg hadde lyst på ein vandretur tilbaud eg å gå nedover på Amfi, og det gjorde eg. Eg sørga for at utedøra var open og at Nils hadde fleire telefonar i nærleiken, og så gjekk eg.
Det var godt å komme seg ut litt, og heilt greitt å fare åleine. Eg fekk medisinen og tok meg ein tur opp i andre etasje på Amfi. Hadde oppdaga at eg ikkje hadde eit einaste skjerf som passa til dei to nye genserane mine, så eg kika inn på Miss B- og der var eit heilt stativ med skjerf på sal. Såg straks eit som høvde med fargen, men det var eit anna eg kjøpte. Før 349 kr, no 100 kr. Eit bra kjøp!
Så gjekk eg opp i Gågata og ut til Europris, der eg kjøpte ei sklimatte til dusjkabinettet- for 100 kr. Det vart ein billeg bytur, men no var eg begynt å bli sliten. Eg kom meg opp Garvargata. Då såg eg ein bil som stoppa i sidegata opp til Kornberg. Det er ikkje ein naturleg plass å stoppe, og bilen kjende eg ikkje. Men då det kom ut ein mørk kraftig kar på ca 2 meter kjende eg att Jørn.(Det var mørkt). Så fekk eg skyss heim i dag også.
Nils hadde vore åleine heile tida, men funne seg ein fotballkamp.
I morgon er det heimesjukepleie og frisør.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...