torsdag, februar 02, 2017

Dagbok 2017: 2.februar

Klokka er ca. 19.00. Temperaturen er ca. +7 grader C, stort meir veit eg ikkje om vêret, for eg har knapt vore ute for ei dør. Men det har i alle fall ikkje vore mykje sol.
Det har vore ein "aktiv" dag i dag. Eg vakna nokså tidleg , men stod ikkje opp før klokka 9. Då kveikte eg i omnen, laga til frokost etc. før Nils stod opp. Vi var ferdige med frokosten i god tid før heimesjukepleiaren kom. I dag var det ein ung gut frå Hovdebygda, som presenterte seg som sjukepleiar. Han hadde med seg plaster, slik at han fekk skifte på hofta til Nils. Han har skada huda litt der han stråla. Det såg heilt fint ut. Elles gjer dei ikkje så mykje dei som kjem her, men dei er til stades mens Nils dusjar i fall han skulle miste balansen. Det er den hjelpa vi har bede om til denne tid. Antisklimatta eg kjøpte i går virka heilt fint.
Så fekk Nils slappe av ei stund til Einar kom og tok han med til frisøren. Det gjekk heilt fint, og det var kjekt å sjå Nils med litt meir normal frisyre igjen.
Mens dei var vekke laga eg ferdig middagen, som i dag var heimelaga kjøttkaker i brun saus med diverse tilbehør. Til dessert hadde vi hermetisk frukt med krem og is.
Nils åt berre dessert i første omgang, men Einar og eg åt godt. Nils åt middag litt seinare, og då åt han to store kjøttkaker, med saus og tilbehør. Han er mest glad i mat med saus.
Eg er ikkje vant til å ete så mykje, så eg sovna i stolen med lydbok på øyret etter at Einar hadde reist.
I kveld hadde vi besøk av Magnar Hjertenæs som henta rekneskapet til SV. Nils har vore kasserar i mange år, så no er det rimeleg at andre tek over. Så gjekk også denne dagen over i historia. Tida flyg, same korleis det er. Nils er ganske bra, men blir veldig fort sliten, noko som blant anna kjem av tablettane han tek.

2 kommentarer:

solveig sa...

Då var det minst ein som fekk yndlingrettern sin :-)

Besta sa...

Vi andre to åt også kjøttkaker med brun saus-lenge sidan sist vi hadde så normal mat.