lørdag, oktober 01, 2016

Dagbok 2016: 1.oktober

Klokka er19.00, temperaturen ute er + 10 grader, og i dag låg snøen ganske langt ned i fjella. No ser det ut til at det kan slutte å regne, og kjem sola fram er det straks lettare å leve.
I kveld er det mange program på TV, så eg tenkte det var best å skrive blogg før eg sette meg til.
Det er ikkje så mykje å skrive om eigentleg, dagane går sin gang utan dei heilt store hendingane, og godt er det. Føremiddagen greier vi som regel å rote vekk-slik var det i dag også. Eg måtte for eksempel vaske håret før vi kunne ta ein tur på Amfi. Laurdagane er der så fullt- og mange framande, så det er ikkje den ultimale dagen for å treffe kjentfolk. Men vi hadde ærend både på Apoteket og på Clas, så då vart det til at vi handla mat der også.
Etterpå var vi ein biltur ut på Håvoll for å snakke med ein kan som bur der.
Og då vi kom heim var klokka ca. halv fire, så då vart det å lage middag. I dag vart det pølser med surkål og poteter-i morgon skal vi truleg ha laks. Kan ikkje slutte heilt å ete fisk.
Eg er spent på om det tørkar opp ute såpass eg får klipt graset ein gong til før vinteren kjem. Men vi kan få mange fine dagar enno-oktober kan by på litt av kvart når det gjeld vêr.

3 kommentarer:

solveig sa...

Då er du inne att på blogglista. Eg merka ikkje at din blogg var vekke, for den ligg inne på nettbrettet som favoritt.
har du lagt inn di liste på nytt?

Besta sa...

Nei, eg har ikkje rørt blogglista, eg har fått advarsel om at den skal forsvinne-men eg hugsar ikkje datoen.

solveig sa...

Ok. Mi forsvann i alle fall. Men ikkje så farleg når ein kan legge inn ny!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...