Så er vi komne til den siste dagen i september og det går ikkje an å leike at det er sommar lenger. No er klokka snart 18.00, temperaturen ute er + 9 grader C, det har styrtregna heile dagen, men i dei høgste fjella har det kome snø.
Vi har fyrt litt i omnen og har varmepumpa på, taket er tett og vi lid inga naud.
I dag har eg ikkje gjort anna enn å vaske bad og kjøkken. Og så har eg strikka litt. Til middag tok vi opp ein rest med fårikål frå frysaren, så no trur eg alle restar er vel fortært. Det kom seg med matlaginga då Nils begynte å ete igjen. No et han bortimot normalt. Men det er ikkje nok, så han må ha styrkedrikkar i tillegg.
Eg føler abstinens no når eg ikkje får klippe gras og halde på ute, særleg sidan eg ser at der skulle vore klipt ein gong til før vinteren.
I kveld blir det mykje TV så eg tenkte det var best å skrive på bloggen først best.
Vi har ikkje vore og handla til helga i dag, så det blir kanskje ein tur på byen i morgon.
Så vil eg ønske alle ei god helg !Vonar veret betrar seg. Når eg ser bort i Melshornet no er der fleire elvar enn eg har sett på lenge.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 26.april
Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar