Klokka er snart 20.00. Temperaturen er + 10 grader og det har regna i heile dag. Men enno er det von om fleire fine haustdagar.
No har eg site her på "datarommet" i aldri så lenge og rippa bøker som eg har lagt inn på minnepinne til Solveig og MP 3 til meg sjølv. Men eg har ikkje site med hendene i fanget, no er det strikking av lestar igjen, eg finn ikkje på noko anna å strikke, og lestar er sytalaust.
I dag var det ingen som vekte oss, så vi sov lenge. Det er no skikkelig sovevêr også, då.
Etter frokost tok eg meg saman og vaska og rydda i kjøleskapet, det har vore så fullt av mat i lengre tid at eg har ikkje sett meg syn med å ta affære med det, men altså-i dag.
Etterpå shina eg opp kjøkkenet slik at berre golvvasken står att til i morgon.
Så var vi ein tur nedover. Nils skulle bestille time hos fastlegen, og eg skulle på biblioteket. Leverte inn ei bok, og fekk med meg to nye. Eg hadde begynt på ei bok som ikkje fenga meg noko særleg så eg kjem til å lese ei av dei eg fekk i dag.
Det er Nils som bestemmer kva vi skal ha til middag, og i dag vart det fiskekaker i brun saus med mandelpoteter til. Kamerat Kjell har hytte i Skjåk så han forsyner oss med mandelpoteter. Grønerterstuing hadde vi i frysaren. Nils åt godt, og seinare skeia vi ut med krone-is og kaffi. Det er kjekt å ete i lag igjen.
Etterpå fekk eg telefon frå ei veninne og Nils ringde til ein venn. No skal eg joine han som har vore inne i stova ei lang stund åleine.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar