onsdag, september 28, 2016

Dagbok 2016: 28.september

Klokka er 18.15, temperaturen er + 10,8 grader C og det har regna i heile dag. Eg har ikkje vore ute for ei dør. Eg har mykje eg skulle ha gjort ute, men då må det vere opphaldsvêr.
Vi var relativt tidleg oppe i dag, for Nils skulle vere i Volda klokka 10.00. Eg rakk akkurat å rense resten av teppegolva, dvs. datarom, gang og vindfang, før han kom heim att.
I går var vi innom fleire forretningar i Ørsta for å finne ein krakk til å sitte på inne i dusjkabinettet, men ingen hadde. Då sa eg:" Dei har sikkert på Bygg-Mix i Volda, for der har dei alt." Nils var enig, og i dag, etter at han hadde vore på sjukehuset, var han innom - og krakk fekk han. Dermed slapp vi å bestille på nettet.
Eg hadde lova Nils Taco i går, men då vart det berre tomatsuppe, så i dag fekk han ønsket sitt oppfylt. Han har fått beskjed frå legen om at han må ete mykje kjøt, fisk og egg for å få i seg nok protein. Han får no i seg bra med mat no, men det skal noko til at det blir nok.
Vi sløva etter middagen, og for meg er det heilt uvant å vere så lat etter ein så aktiv sommar. Elles har eg streva litt med datamaskina i dag også, og fekk i alle fall skrive ut eit par dokument som eg ikkje har fått til å skrive ut før.
Nils fekk nettopp telefon frå ein han kjenner som hadde sett Rolf på TV-om bord i Atløy. Eg blir nesten sjokka når eg ser dei gamle båtane på TV. Dei er så små !Værøy, Nesøy og Atløy gjekk mellom Solund og Bergen den tida eg var der ute -i all slags vêr. Og ikkje sjeldan gjekk dei på grunn. Eg var ikkje med på noko dramatikk.
I dag har eg lese ut ei bok, og så har eg funne fram spøtet-hausten er komen.

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...