Klokka er no 19.35. Temperaturen ute er +10 grader;det har vore mykje sol i dag og litt vind. Eg har vore heime heile dagen, og oppe hos Marit, for ho var også heime åleine i dag. På føremiddagen klipte eg litt gras med saks ned under altanen, elles har eg ikkje gjort noko til gangs. Marit og eg har sete oppe på platten og sola oss , men til slutt gjekk vi inn -for sola vart vekke. Det har kanskje vore ein litt kjedeleg dag, men det kan no ikkje hende så mykje heile tida. Det er fint å sitte ute og sjå på alle dei fine blomstrane, særleg er det Rhododendron i mange fine fargar som nesten alle har i hagane sine. Eg er veldig glad i hagar og likar å jobbe der, men eg får ikkje gjort alt så fint som eg ville.Det er eg for gammal til.Trur eg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar