Klokka er 19.15. Temperaturen er litt uviss; eg har sjekka tre termometer og dei varierer frå + 6 til-+9 grader C.
I dag vakna vi opp til sol og strålande vêr, men vi har ikkje vore mykje ute. Eg var ein tur rundt huset før middag og seinare "sov" eg middag på altanen. Nils var noko slapp først på dagen, men han kviknar til mot kveld.
Eg sat litt og strikka før eg laga middag, i dag vart det ovnsteikt laks. Etter at eg kom inn att frå altanen laga eg ei eplekake for frysaren, den står i omnen no. Og så har eg vaska opp alt rotet.
I morgonen får eg kanskje jobba litt ute, viss det blir tørt nok i graset.
Eg har ikkje mykje å skrive om , men det er no eit lite livsteikn frå oss om ikkje anna.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar