lørdag, september 03, 2016

Dagbok 2016: 3.september

Klokka er 19.10, temperaturen ute er + 13,6 grader C og det har regna stort sett i heile dag. Akkurat no er det litt lysare.
For å vere sikker på at alle bananfluger var borte, pussa eg stuevindua innvendig i dag og vaska karmane godt. Utvendig lyt eg ta pussen ein annan dag, sola kjem stadig lenger ned, så då er det ikkje lenge før ho avslører alt.
Nils var trøtt og trasig i dag tidleg, så eg kommanderte han til å ta 2 Paracet og legge seg inn att i senga. Hen gjorde det, og då eg var ferdig å støvsuge, stod han opp att- litt friskare.
No har vi ete ein slags middag; i dag vart det Taco igjen. Det er nesten det einaste han har lyst på. Suppa som var att frå i går åt han til lunsj.
Vi har ikkje vore på butikken i dag, og ikkje ute i det heile tatt.
Eg har vore ein del på Facebook. Ingeborg er komen heim.Vi har sjølvsagt tenkt mykje på Harald og familien hans, det er ei tung tid for dei no. Og vi kjem alle til å sakne Harald.
Eg la meg på sofaen ei lita stund for å lese, noko som alltid resulterer i at eg sovnar.
I kveld er det mange program på TV- vi ser Stjernekamp og tek opp "Skal vi danse"-då kan vi spole forbi reklamen.
Referatet mitt kom i Møre-Nytt i dag ! Det var hurtig levert, fint oppsett var det også. Det er meldt regn ei veke til, så eg forstår ikkje korleis det skal gå med plenane. Men det er no eit lite problem i den store samanhengen.
I dag gratulerer vi Kristine på Eid med 16-årsdagen !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...