Klokka er 19.00, temperaturen +16-17 grader C og vi har hatt fint vêr i heile dag. Litt skodde først på dagen, men så kom sola. Det gjorde godt. Eg kjende kor energien kom tilbake, og hadde det ikkje vore sundag, så hadde det vel blitt plenklipp.
Det blei litt rydding både inne og ute, men mest har eg lata meg. Har vore ute og plukka litt plommer, der er enno Opalplommer att, men dei dett ned av seg sjølv og då er sniglane der. Dei små blå dett også ned no, men eg skal sjå om eg kan få plukka resten i morgon.
Nils har vore relativt bra i dag, så kanskje det verste er over? Men han er tappa for energi.
Ingeborg kom bortom ein tur, og det vart sjølvsagt mykje snakk om Harald. Han har vore ein utruleg engasjert farfar for dei fire barnebarna, noko dei alle er klar over - og set pris på. Men no er det på ein måte godt å tenke på at han ikkje lenger skal plagast av sjukdom. Han har vore alvorleg sjuk sidan april månad, noko som har prega familien.
No har Nils og eg nettopp ete ein sein middag. Det var mitt forslag å lage fiskesuppe i dag, noko han gjerne ville ha. Vi hadde fiskekraft i frysaren, og eg laga ei kraftig suppe med smør, fløyte og rømme. Eg måtte passe meg litt for ikkje å ete for mykje sjølv.
No ser eg fram til fleire finevêrsdagar med plenklipp og uteliv! Og brenning av kaloriar.
Og så ser eg fram til å sjå den tyske serien Ku´damm som går på NRK sundagskveldane. Kjekt å sjå noko tyskspråkleg til ei forandring.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 25.juli
Bilen er komen heim Klokka er no 17.50, tewmperature3n ute er +15 graderC og det regnar. aeg har bala for å komme så langt at eg kan skrive ...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar