fredag, september 02, 2016

Dagbok 2016: 2.september.

Klokka er 18.3o. Det er + 17 grader ute og det regnar ikkje. Heilt utruleg. Men det er surklande vått på plenen, så eg trur ikkje det blir klipping i morgon heller. Bildet over er ein kollasj av alle clematis - plantane-om de skule lure. Det er stort sett dei som blomstrar no, dei og blomkarsen. Ja, og rosene.
Nils hadde ein par dagar han var litt kvikkare, men i dag har han lege strak ut og geispa det meste av dagen. No har vi nettopp ete "middag". Eg kjøpte eit par blomkål i går som eg laga ei kraftig suppe av, med både smør og fløyte, aberet er berre at eg åt av den sjølv.
I dag har eg gjort veldig lite. Tok fredagsvask på bad og kjøkken først på dagen, mens Nils låg til eg var ferdig. Han er ikkje "sjuk" i den forstand, og har ikkje vondt, men er berre så slapp.
Og så måtte eg vaske grundig både karmen og sjølve det vesle vinduet. Det eg trudde var lus frå nokre plantar, viste seg å vere millionvis av bananfluger. Plantane har eg bore ut, og for sikkerheits skuld vaska eg gardinene også. Dei kjem ikkje opp att så lenge der finst bananfluger att
Eg har ikkje så godt som eit spøt, så eg klaga over mangel på arbeid. Då fekk eg i oppgåve å plukke resten av sukkerertene -dei som skal bli så-erter neste år. Dermed rydda eg heile åkeren, og i tillegg ordna eg bringebæråkeren, dvs. batt sena på nytt så alt kom med. Viss de ikkje forstår kva eg meiner gjer det ingen ting.
Eg har mykje eg skulle ha gjort innomhus også, men eg kjem meg ikkje til så lenge som Nils er så sløv.
Nei, så forsyne meg, no regnar det igjen !
Så er det fredag igjen, og i kveld blir det krim med Rowan Atkinson. "Maigret"- hugsar eg las bøker om han i min første ungdom. Vi ønsker alle ei god helg.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...