torsdag, september 01, 2016

Dagbok 2016: 1.september

Klokka er 18.40, temperaturen ute er + 13 grader C og det har regna i heile dag. Stort meir er det ikkje å seie om den saka.
Det er mange ting som er verre enn regnvêr, til dømes datatrøbbel. Og det har eg hatt nok av i dag.
Eg likar best å skrive på den stasjonære maskina når eg skal skrive mykje. Eg har betre sittestilling og betre tastatur blant anna. Elles dreg laptoppen på åra og er litt slapp i anslaget. Eg skreiv referatet ganske kvikt og lett, men så skulle eg sende det. Så er der altså ikkje nokon e-postkonto som er tilknytta programmet. Kva gjer ein så ? Jau, etter kopiering og omkalfatring fekk eg det av garde til avisa. Eller gjorde eg det? Eg bad om stadfesting, og det har eg i alle fall ikkje fått. Håper eg slepp å skrive heile greia om att.
No kan eg til ein viss grad klandre meg sjølv for ikkje å ha sjekka at alt virka - på førehand. Men det blei ein tur til kameraten min på Lefdal som alltid er like hyggelig, så eg skal bort med heile maskina så han får opp-programmere den . Eg har betalt for to års sørvis, så det er berre å vere om seg. 
Dermed har eg ikkje fått "gjort" noko i dag heller. Men sidan vi var på Lefdal stakk eg innom Coop i Furene og handla der.
Vi måtte innom Amfi likevel, for Nils skulle ha noko medisin på apoteket.
Nils ønska seg ein litt spesiell rett til middag i dag: Pasta Carbonara med skinkeboks i staden for bacon. Eg har tråla fleire butikkar utan å finne carbonarasaus, men i dag fekk eg den lyse ideen å stikke innom  Bunnpris. DER låg det fem pakkar i hylla og eg tok alle. No har vi ete eit godt måltid, eg trur faktisk Nils et meir enn meg for tida, men han skal no legge på seg- og det gjer han. Men han er framleis slapp og blir fort trøytt.
Eg begynte på boka til Anne B. Ragde i går kveld. No skal eg lese i den mens eg rippar den andre eg lånte.

Ingen kommentarer: